roligtochsakert.jpg

Kvifor har morfar berre ein arm?

Svenske Säkert Bondförnuft gir ut barnebok om Anton og Sofia som besøkjer mormor og morfar på garden. Der er det kyr og sauer, og sjølvsagt maskiner. Og mange farar.

Publisert

Noko av det mest nyttige ungane kan lese på senga.

Barneboka har tittelen Roligt och säkert hos mormor och morfar. Her står det forklart kvifor det ikkje er lurt å sitje på i traktorskuffa eller klatre på rundballar, korleis du sit trygt når du er med i traktoren, og kva eit vern på kraftoverføringsakslingen er.– Tanken er at små og store skal kunne prate om farane på garden på ein god måte, seier forfattar Sara Råsberg.Boka vil bli delt ut på messer og når Säkert Bondförnuft har kurs og gardsvandringar. Organisasjonen liknar litt på norske Landbrukets HMS-tjeneste. Målgruppa er born frå to til åtte år, og kan hende også foreldre og besteforeldre...

"
Powered by Labrador CMS