reg-ill10.jpg
reg-ill10.jpg

JD først. Andreplassen ca. delt på tre

John Deere er i storform, mens New Holland, Valtra og MF ligg tett i tett. Totalmarknaden er opp 10 prosent etter tre kvartal av 2010.

Publisert

Nokre stikkord om status etter at tre fjerdedelar av året er unnagjort:

Generelt

- John Deere er udiskutabelt tilbake på topp. Meir enn kvar fjerde nyregistrerte traktor er ein JD.- New Holland, Valtra og Massey Ferguson ligg så tett at det er uråd å seie kven som tar kva plass til slutt. - Valtras tal nær null i august ser ut til å vere eit særtilfelle. No er alt som normalt att.

Desse går mest fram

- John Deere er suverent mest fram, men vi skal hugse at dei var tilsvarande mykje tilbake i fjor. Hjorten ramla i 2009 og reist seg att no.- Valtra aukar med nest flest traktorar (+57), og kjempar med det om andreplassen. Den posisjonen har ikkje merket hatt sidan 1996.- CaseIH aukar med 42 traktorar, og er med det tilbake på marknadsandelen merket hadde som einemerke hos gamle LMB.- Deutz-Fahr går fram med 30 traktorar, og held ein respektabel sjuandeplass. - Kubota må også nemnast, med ein auke frå tre til 14. Dermed ligg japanaren fremst av dei ikkje-europeisk produserte traktorane, på ein sterk 11.-plass. Ferrari har like stor framgang.

Desse går mest tilbake

- Det går tungt for Massey Ferguson. Tilbakegangen frå i fjor er på 57 traktorar, mest av alle merke. Marknadsandelen er tilbake 4,4 prosentpoeng.- New Holland går attende med 21 traktorar i ein veksande marknad. Den blå er på andreplass til no i år, men kjenner pusten av Valtra og MF i nakkehåra.- McCormick held fram vidare nedover. På ni månader i år har dei levert berre litt fleire traktorar som i dei fem første månadane i fjor.- Fendt hadde 86 nyregistrerte på denne tida i fjor. No har dei 72. - JCB er meir enn halvert: Sju nyregistrete til no i år, mot 16 på same tid i fjor.

Her er det mindre endringar

- Claas held marknadsandelen sin. - Zetor gjer det ørlite dårlegare enn i fjor.

Småmerka

- Mykje opp og ned, men vanskeleg å trekke sterke konklusjonar før året er omme fordi det er så små tal i utgangspunktet.

September

- Klar framgang frå september i fjor (+42)- Framleis svakare enn september 2008

Siste 12 månader

- Totalmarknaden siste 12 månader er nesten på nivå med førre 12 månader. - Lantmännen er største importør, tre traktorar framom A-K, som igjen ligg tre traktorar framom felleskjøpa.- Agco er klart største traktorleverandør, mens CNH og JD er jamstore - John Deere er største merke, som på same tid i fjor og i forfjor - Valtra er oppe på andreplass, framom MF. Massey Ferguson hadde andreplassen på denne tida både i fjor og i forfjor.- New Holland er tilbake på fjerde - Deutz-Fahr har klatra frå tiande for to år sidan, via niande i fjor, til sjuande no. - Fendt går ned to plassar.

Bedre Gardsdrift/JMA.