Hyttefjøring frå 82 hk
Massey Ferguson tilbyr no hyttefjøring på heile 5400-serien, unntatt traktorane med lågbygd hytte.
Fjøringa består av to demparar på bakre hyttehjørne. Enkelt og greit fjør og støtdempar.
- Saman med Fendt er MF unik, ved at vi kan tilby hyttefjøring så langt ned i effektklassane, seier traktorsjef Jørgen Skjelin i Eikmaskin.
Frå før kan modellane frå 5465 leverast med framakselfjøring, altså frå 120 hk.