reg-ill10.jpg

Grønn glede

John Deere går for full maskin, New Holland går i pluss, Valtra held full fart, mens MF har bremsene på. Totalmarknaden snusar på 2008-nivå.

Publisert

Nyregistrerte traktorar pr. oktober 2010 (Bedre Gardsdrift).

Situasjonen må vere heller fortvilande for dei som er på hjortejakt: Di meir dei jaktar, di fleire Deere`ar dukkar det opp. For eit år sidan peika vi på det bratte fallet. No kan vi fortelje om den solide tilbakekomsten. Mellom dei andre store går det jamt over i pluss. Særleg for Valtra, men også CaseIH og Deutz-Fahr gjer det godt om dagen. Massey Ferguson slit derimot ganske hardt, og heller ikkje søster Fendt har trøystande tal å bidra med. Enda verre er det med McCormick, som for tida er på to tredelar av nivået frå i fjor.

Oktober

Til skilnad frå han Odd visesongaren, konsentrer vi oss om oktober nett no. Og der er stoda at John Deere viser ekstra med musklar, med ein tredel av alle nyregistrerte. Dei tre andre store, pluss CaseIH, held sånn omlag jamt nivå med året til no under eitt. Totalmarknaden er fram hyggelege 15,6 prosent, ein framgang på 123 traktorar frå i fjor. Det betyr at månadsregistreringane på tampen av året er nær 2008-nivå. Så får vi heller gløyme det traktor-triste 2009. Ser vi på dei små, kan vi ynskje sveitsiske Aebi velkomen tilbake på lista etter 21 månader med fråvær.

Siste 12 månader

John Deere har er nesten tilbake der dei var for to periodar sidan. Valtra har klatra godt, og er på andreplass. Den akkumulerte statistikken, som inneheld alle månadane i året, understrekar MFs tilbakegang. Marknadsandelen er godt under nivået frå dei førre to periodane. Elles merkar vi oss CaseIH sin opptur, og vi må også ta med at Kubota er på full fart inn blant dei som er verd å nemne.

Nyregistrerte traktorar siste 12 månader (c) Bedre Gardsdrift.

Powered by Labrador CMS