fendt katana 65 + 900 II.jpg

Fendt i farten

TYSKLAND: Under dagens pressevisning slapp Fendt laus to nye flaggskip: Den nye toppmodellen 939 Vario, og sin lenge varsla sjølvgåande snittar. Dessutan skryter dei gjerne av sin nye hybridtreskar.

Publisert

Fendt tøffar seg.

Utvendig ser du ingen vesentleg skilnad på 939 og 936. Under panseret er det noko vesentleg som skil, og det er 30 ekstra hestar. Dermed kan Fendt atter skilte med verdas største serieproduserte standardtraktor, på 390 hk.

Størst på kloden

Heile 900-serien har fått ein ekstra klump nede på eksosrøret. Der er katalysatoren for SCR eksosrensinga. På andre sida, ved stigtrinnet, er eit blått lokk. Det er til Ad Blue. Fendt lovar redusert forbruk, i tillegg til reinare avgassar. Inni hytta finn du att den nye Vario-skjermen som kom på den store greina av 800-serien i fjor. Den nye varianten av 900-serien er leveringsklar kring komande sommar.

Heilt eksakt

Den nye sjølvgåande snittaren, Katana 65, går inn i ein tøff marknad. Frå før har Claas ein verdsdekkjande marknadsdominans, mens Krone, John Deere og New Holland kjempar som best dei kan.– Vi forventar ein tosifra marknadsandel, seier AGCO-sjef Martin Richenhagen. Fendt peikar på at snittaren har største trommelen på marknaden. Snittarane som har gått i test har oppført seg svært fint, og Fendts eigne målingar tyder på at dei brukar mindre drivstoff enn konkurrentane. Katana er forresten namnet på eit spesifikt samurai-sverd, som seiest å gi godt snitt på ein effektiv måte. Kva tid snittaren, med sine 650 hk frå ein stjernemerka V8-motor, blir å finne i vårt land, er det for tidleg å seie. Dei første produksjonsseriane vil gå til store marknader som Tyskland, Frankrike og Spania, og der skal dei helst gå hos kundar med særs mykje å gjere.

Powered by Labrador CMS