telefonsalg

Fantastisk god kredittvurdering!

Eg vart oppringt av CreditInform i går, med tilbod om kredittvurderinga dei med aggressivt sal stadig prøver å lurer på norske bønder.

Publisert

Ein typisk CreditInform-kunde (ill-foto: Colourbox)

Morselskapet Experian er stadig i vinden, men har tydelegvis tilstrekkeleg skarpskodd juridisk kompetanse til at dei støtt snor seg unna. Siste døme er frå desember, då nordlandsbonden Dagfinn Bjormo tapte ei rettssak mot Experian nettopp om denne foretaksvurderinga.

Sei nei straks!

" Bjormo følte seg, som svært mange andre, lurt av selskapet til å kjøpe den omstridde foretaksvurderinga. Oslo tingrett slo i dommen fast at salsmetodane til Experian (CreditInform) er lovlege.Med andre ord gjeld det å seie klart og tydeleg nei når du blir oppringt. Det kan du like gjerne gjere med ein gong seljaren presenterer seg. Av rein nysgjerrigheit drog eg det litt lenger under gårsdagens samtale.

Utan vern som bonde

Mens du som forbrukar kan reservere deg mot telefonsal, og har all verdas angrerett etterpå, har du ikkje noko slikt vern som bonde. Då er du næringsdrivande, og omfatta av ein jus som likestiller deg med store, tunge selskap med ein heilt annan ressurstilgang.

Også i Bedre Gardsdrifts debattforum har Experian/CreditInform fått passet sitt påskrive.

Rå seljar

Det er ingen tvil om at seljaren eg vart oppringt av gjer ein god jobb for selskapet. Så har ho da vel også god provisjon for å spy ut unyttige dokument. I alle fall var det ei langt utanom det vanlege offensiv dame i andre enden av røret, med ein svært selektiv hørsel. Ho leitte med stor erfaring etter kvar ein liten opning til å kunne krysse av for eit svar i nærleiken av ja hos meg.

Samtalen

" – Morn, er jeg kommet til Jogeir - eh- A - eh- jell? – Ja. (Sukk. Folk som ikkje klarer å seie namnet mitt skal som regel selje meg noko eg ikkje treng.)– Hei, Jogeir! Jeg ringer fra CreditInform, kjenner du oss?

(Det er her eg tilrår at du seier "Eg skal ikkje kjøpe noko, hadet bra" og legg på, men for å få vite meir om korleis dei turar fram, svarte eg middels høfleg og let ho halde fram)

– Ja, de brukar å ringe meg kvart år, og ... – Ja, fint. Jeg ringer fordi vi akkurat i dag har skrevet ut en kredittvurdering av deg, som viser at du har svært fine verdier! – Nåja. – Ja, til tross for finanskrisen ligger du ett poeng bedre enn gjennomsnittet! Dette er meget bra, Jogeir! – Nåja. Det må vere tulle-tal, det der... – Så nå er jeg altså klar til å sende kredittvurderingen vår til deg, du får den for bare 3900 kroner, det er et engangsbeløp, og selvsagt fradragsberett... – Og kva nytte har så eg av denne attesten? – Den er nyttig å legge fram ved kredittvurderinger, særlig nå etter finanskrisen, når mange har betalingsprobl... – Eg har ikkje særleg behov for kredittvurderingar. Ingen har nokon gong spurd meg om nokon slik attest. Har ikkje bankane og selskapa eg eventuelt måtte be om kreditt hos, også sjølv tilgang til slike vurderingar? – Denne analysen er myyye mer grundig enn hva bankene lager. Vi har eksempler på at folk har lagt fram attesten og fått satt ned lånerenta, selv midt i finanskrise-tida! Men du Jogeir, jeg har ingen gateadresse på deg! – Eg har inga gateadresse. Eg bur på gard, og alle postmennene veit godt kven eg er. – OK. Da sender jeg denne til Olden... – Nei, det gjer du slett ikkje, for eg har da ikkje takka ja til noko som helst! – Er det prisen som skremmer deg? – Nei, eg skal ikkje ha nokon attest, og eg forstår ikkje at eg skal ha bruk for dette. Og med mi vesle drift ville jo kostnaden til ein slik attest ete opp ein svært stor del av driftsoverskotet! – Å? Så du har lønnsinntekt utenom? – Ja, ... – Da kan vi gjøre et unntak for deg denne gangen, Jogeir! Det å drive enkeltmannsforetak er jo det vanskeligste man kan gjøre!! Du skal få analysen til en spesialpris, for nyregistrerte! Du vil få store fordeler av attesten! Kun 1990 kroner! Har du tilgang til PC? – Ja!? – Da legger jeg ved en CD-ROM, som... – Jammen hallo, eg har jo ikkje bestilt noko! Du har ingenting å sende meg, og heller ingenting å legge ved!! – Så du er altså ikke interessert denne gangen?– Neiii!!!! Eg skal IKKJE ha noko. Hadet!

Relaterte artikler

    Powered by Labrador CMS