monsanto logo.jpg

Du eig John Deere og Monsanto

Som norsk borgar eig du litt av Agco, CNH, Syngenta og fleire andre landbruksretta selskap. Du har aksjar for 137 kr i Deere & Co og for 1431 kroner i Bayer AG.

Publisert

Går det bra med Agco, går det bitte bitte litt betre med pensjonen vår.

Bedre Gardsdrift har sjekka aksjeporteføljen til Statens pensjonsfond utland. Mellom totalt 8000 selskap som fondet har aksjar i, finn vi også verdas største landbruksmaskinprodusentar, og ikkje minst leverandørar av plantevernmiddel og medisin.I tabellen under ser du utvalde selskap som med større eller mindre delar av sitt virke rettar seg mot landbruket.Selskap som Kverneland og Yara er ikkje med, fordi pensjonsfondet einast investerer i utanlandske selskap. Her er heller ikkje verksemder som Claas, Same Deutz-Fahr Group eller Kuhn er med, då dei ikkje er børsnoterte, og dermed heller ikkje tilgjengelege på den opne aksjemarknaden.Som du ser er eigarskapen i selskapa heller avgrensa, i prosent av aksjane. Beløpa er likevel til dels solide, noko du ser i kolonna over kva marknadsverdi pensjonsfondet sine aksjar har. Vi har også rekna ut kor stor verdi eigarskapen i selskapa har for kvar enkelt av oss 4 858 200 nordmenn. Det seier sitt om verdien av pensjonsfondet når dei ti selskapa på lista representerer ein formue for deg som les dette på over 4000 kroner.

Powered by Labrador CMS