reg-ill10.jpg
reg-ill10.jpg

Betre og betre, litt etter litt

Årets mai er 94 traktorar betre enn mai i fjor. Massey Ferguson er stadig i tet siste 12 månader, men John Deere halar innpå og er no hårfint forbi Valtra og med det oppe på andreplass.

Publisert

Nyregistrerte traktorar i Noreg siste 12 månader, føregåande 12 månader og dei 12 månadane før der att. (c) Bedre Gardsdrift. Kjelde: Opplysningsrådet for vegtrafikken.

Det tetnar til i toppen. Berre 0,6 prosentpoeng skil marknadsandelane til dei tre i teten. Denne gongen vil vi særleg peike på Valtra, som i det siste har hatt ein uvanleg høg marknadsandel, tett oppunder 18 prosent. Normalen for finnen dei seinare åra har vore i området 13 til 15 prosent.MF er stabilt sterk, enkelt og greitt. John Deere har fått fyr under dampkjelen att, og er tydeleg i godt sig. New Holland er litt tilbake, men ikkje dramatisk. Vi må samstundes nemne at CaseIH har god framgang, og ligg stødig på femteplass på statistikken. Dei to søstermerka har i sum 579 nyregistrerte siste 12 månader, og er dermed samla omlag 100 traktorar større enn MF.

Importørkampen

Lantmännen er største importør, 17 traktorar framom A-K og 18 traktorar framom Eik. Desse tre er i området 578 til 596 traktorar. Felleskjøpet ligg til samanlikning på 469, og er med det knapt dobbelt så store som HCP.

Kom mai, du skjønne milde

Årets mai er noko heilt anna enn fjorårets. Totalmarknaden er opp 94 traktorar. Målt mot 2008 er ikkje det mykje å skryte av (minus 78), men for tredje månad på rad er vi betre enn fjoråret. Det er kjekt å ta med seg.John Deere er klart størst i mai, med nær kvar tredje nyregistrerte traktor. Valtra ligg på sitt gjennomsnittlege nivå med nesten 18 prosent, og er det merket med klart størst framgang i år. Både målt i tal traktorar og i marknadsandel.MF har ein svak månad med ferske skilt på berre 23 traktorar. CaseIH tar innpå storebror New Holland. Den blå er årets tapar på marknadsandelane, med 3,5 prosentpoeng i minus, mens den raude har nest største veksten med pluss 1,9 prosentpoeng.Deutz-Fahr har ein månad langt betre enn normalt, og held med det ein positiv trend som viser att på årsstatistikken.Claas er nærast uendra, mens ein annan grøn og raud, Fendt, går merkbart tilbake. McCormick held fram nedgangen frå i fjor. Av småmerka noterer vi oss at Ferrari gjer eit vår-hopp. Også Jinma, Kubota, Foton og TYM har skrudd på nye skilt i mai.

Registreringsstatistikk for mai og for perioden til no i år, målt mot fjoråret (i parentes).