Auke i investeringane i jordbruket
I 2008 blei det investert 3,5 milliardar kroner i driftsbygningar for jord- og hagebruk. Målt i faste kroner gir dette ein auke på 28 prosent frå 2005. Stadig meir pengar blir òg brukt til maskinar og reiskap, meldar Statistisk sentralbryå.
Driftsforma storfe mjølkeproduksjon stod for 27 prosent av dei samla investeringane i driftsbygningar.
Om lag 15 prosent av jordbruksbedriftene investerte i driftsbygningar i 2008, medan tala for 2005 og 2001 var respektive 12 og 11 prosent. Rekna om til prisnivået i 2008 var gjennomsnittleg investeringsbeløp 502 000 kroner i 2008, mot 425 000 kroner i 2005 og 199 000 i 2001. Det var bedriftene med størst og minst jordbruksareal som investerte mest. I gruppa 0-49 dekar finn vi mellom anna samdrifter med mjølkeproduksjon, og dei samdriftene som investerte, brukte i gjennomsnitt 1,5 millionar kroner til driftsbygningar i 2008.
Svin og fjørfe høgast
Driftsforma storfe mjølkeproduksjon stod for 27 prosent av dei samla investeringane i driftsbygningar. Rekna per bedrift med investering var det driftsforma svin og fjørfe som låg høgast, med 987 000 kroner. Minst investering per bedrift fann ein innafor driftsformene sau samt korn- og oljevekstar.
1,1 milliardar til vedlikehald
Omkring 85 prosent av jordbruksbedriftene hadde utgifter til vedlikehald av driftsbygningar i 2008. Utgiftene utgjorde i alt 1,1 milliardar kroner, og det tilsvarar drygt 28 000 kroner per jordbruksbedrift med utført vedlikehald.
Fleire investerte i maskiner og reiskap
I 2008 blei det investert 2,8 milliardar kroner i maskiner og reiskap for jord- og hagebruk. Om lag ein tredjedel av bedriftene investerte i nye eller brukte maskiner og reiskap. I 2005 og 2001 investerte 29 og 26 prosent av bedriftene. Gjennomsnittleg blei det investert for 186 000 kroner per jordbruksbedrift som investerte i 2008. Tilsvarande tal for 2005 og 2001 omrekna til 2008-kroner var høvesvis 183 000 og 170 000 kroner.
Leasing aukar
Totalt betalte jordbruksbedriftene om lag 657 millionar kroner i leasingleige i 2008, mot 470 millionar kroner i 2005. Gjennomsnittleg betalt leasingleige var 92 000 kroner per bedrift med leasing, mot 82 000 i 2005.
Samla energiforbruk ned
Det totale forbruket av elektrisk energi i jord- og hagebruk gjekk litt ned frå 2005 til 2008, men det gjennomsnittlege forbruket per jordbruksbedrift auka. I 2008 blei det brukt 1,11 milliardar kWh, medan det i 2005 blei brukt 1,14 milliardar kWh. Rekna per jordbruksbedrift blei det i 2008 brukt 26 000 kWh, mot 24 000 i 2005.
Det totale forbruket av diesel i jord- og hagebruk var 127 millionar liter i 2008, mot 132 millionar liter i 2005. Forbruket av diesel per jordbruksbedrift auka med om lag 9 prosent til knapt 3 000 liter i 2008. Energiforbruket er ikkje korrigert for bedrifter med manglande opplysningar, og energiforbruk i veksthus er ikkje inkludert.
"