Att og fram om øko-ensilering
Mattilsynet ber Debio om at fôr med GrasAAT Lacto, Ensil1 og Ensil Pluss blir godtatt som økologisk i årets sesong. Til neste sesong blir det endringar.
Greit nok at enslieringsmiddel er viktig, men no gir Mattilsynet Debio rapp på fingrane for å ha vore for strenge for fort.
Det kom brått på at Debio til årets sesong berre ville godkjenne middel frå si såkalla positiv-liste. I praksis betydde det at berre den svært lite brukarvenlege maursyre 85 prosent vart godkjent av dei kjemiske midla. Dette er eit middel som alle aktørar har arbeidd i mange år for å få bort, av HMS-grunnar. I tillegg er der ymse biologiske middel som er godkjende, men felles for desse er at dei ikkje har effekt under alle slags forhold.Norsk Landbruksrådgiving fortel på si nettside at dei, saman med Tine, søkte om ein generell dispensasjon for øko-bønder for inneverande år for dei tre nemnde middela. Argumentasjonen var at økologiske fôrprodusentar var hamna i ein svært vanskeleg situasjon som heller ikkje salsapparatet var budde på. " I svarbrevet frå Mattilsynet står der mellom anna dette: – Mattilsynet vurderer at det offentlige gjennom Debios positivliste har drevet med uriktig veiledning. Produsenter som har rettet seg etter denne veiledningen må få tid til å omstille seg. Det er urimelig å belaste produsentene ensidig med en feil som det offentlige sterkt har medvirket til.Oddbjørn Kval-Engstad i Norsk Landbruksrådgiving fortel at Mattilsynet har oppmoda om at Debio held seg til den praksisen dei har hatt i 2009 og tidlegare, når det gjeld ensileringsmiddel til økologisk bruk i 2010.For neste sesong meiner Mattilsynet at det må vere nok tid til å klare å tilpasse seg dei nye reglane, til dømes ved at leverandørane av ensileringsmiddel kan kome med middel som lar seg godkjenne. Det kan elles nemnast at det ikkje lenger finst noko offentleg godkjenningsordning for ensileringsmiddel reint generelt. Derimot finst det ei liste over alle middel som er på marknaden, og den lista blir utarbeidd av Bedre Gardsdrift og presentert av oss kvar vår.