Radiobjølle på sau

225 radiobjøller på sau i Sogn og Fjordane

Tre beiteområde i Sogn og Fjordane skal prøve ut 225 radiobjøller for sau beitesesongen 2010. Formålet er å få erfaringar med bruk av overvakingsutstyr for å finne tapsårsaker og redusere tap av dyr på utmarksbeite.

Publisert

Setter bjølle på sauen. Foto: Magnar Haraldsen.

Fylkesmannen i Sogn og Fjordane har fått midlar til innkjøp og utprøving av 175 radiobjøller frå det nasjonale beiteprosjekt i regi av Statens landbruksforvaltning. I tillegg har Miljøvernavdelinga hjå Fylkesmannen finansiert 50 bjøller av FKT-midlar, skriv Fylkesnytt frå Sogn og fjordane.

I ymse terreng

Bjøllene vert leigde ut til beitelaga for ein sesong om gongen. Laget disponerer bjøllene hjå sine medlemmer og vurderer sjølve korleis bjøllene kan nyttast best mogleg ut frå tapsprosenten, mobildekning og interesserte brukarar. Det er eit mål både å kartleggje tapsårsaker og å få prøve ut bjøllene i ulik topografi og terreng.

Kartleggja årsak til tap

Beitelaga har vore svært positive til å vere med i utprøvinga. Dei som vart plukka ut har til felles at tap av dyr på beite er høgt. I nokre beitelag er det rovdyr som er problemet, i andre lag er årsakene ukjende. Gjennom bruken av radiobjøllene håpar beitelaga å få til meir målretta tilsyn, få tidlegare varsel om rovdyr, avdekke dødsårsaker, lettare sanking og lettare finne skadde eller sjuke dyr.

Powered by Labrador CMS