reg-ill10.jpg
reg-ill10.jpg

Framleis nedgang

Januar 2010 er svært dårleg. Best av dei svake, ein traktor framom New Holland, er John Deere. Massey Ferguson held stand som største merke siste 12 månader.

Publisert

Registreringsstatistikken for januar 2010.

Å døme året som kjem ut frå denne første månaden, har svært lite for seg. Januar er alltid ein litt rar månad, delvis fordi desember alltid er noko for seg sjølv. Det vesle vi kan tolke av tendensar ut av årets januar, er at Deere ikkje har knekt ryggen heilt, og at dei tre andre store har tenkt å halde koken vidare framover. Like fullt: Alle fire er grundig tilbake frå januar i fjor, om enn Valtra minst verst. Vi kan også notere at Deutz-Fahr brått har fått fart på seg, men samstundes ser vi at Lamborghini har parkert.

Ein uvanleg dårleg månad

Det som er mest verd å legge merke til, er at årets januar er den verste på svært lange tider. Faktisk den verste nokon gong sidan Bedre Gardsdrift tok til å publisere reg-stat kvar månad. Siste fem åra er det berre fem månader som er dårlegare, og alle dei kom i fjor.

Siste 12 månader

På grunn av at årets januar er nærast halvert mot fjorårets, blir utslaga på statistikken over siste 12 månader ganske store.Massey Ferguson er no klart i tet. John Deere ligg midt mellom MF og Valtra. New Holland ligg på fjerdeplass, rett bak den finske traktoren. Grunnen til at desse to har bytt plass, er at den blå hadde ein svært god januar i fjor. Ved at John Deere for tida har abdisert frå sin tradisjonelt suverene tetplass, har vi for tida ingen merke over 20 prosent marknadsandel siste 12 månader.

Siste 12 månader, førre 12 månader og 2008.