Rykte om Agco-CNH-fusjon blir neppe oppfylt
Spekulasjonar, fyrt opp under av den frittalande Agco-sjefen sjølv, om ein fusjon mellom Agco og rivalen CNH, blir avvist av aksjemarknaden.
Agco-sjef Martin Richenhagen vil gjerne ha blå og raud-svarte traktorar under paraplyen.
Agco, som mellom anna eig Massey Ferguson, Fendt og Valtra, er truleg ute etter CNH si nordamerikanske verksemd eller den europeiske treskardivisjonen, seier aksjemeklaren Sterne Agee til nettsida agrimoney.com. Men å overta heile CNH, verdsett til 10,7 milliardar dollar (64,3 milliardar kroner), og med omlag same beløp i gjeld, ville vere i overkant av kva Agco kan ha kapasitet til. Agco har sjølv ein marknadsverdi på under 4,5 milliardar dollar (27 milliardar kroner).– Agco ville ha vanskar med å sluke heile selskapet, seier Sterne Agee til nettstaden.Meir truleg er det at CNH sel anleggsdivisjonen, den mindre delen av gruppa, men heller ikkje det er nært føreståande.– Vi forventar ikkje ei oppdeling av CNH i nær framtid, understrekar Agee.For to veker sidan hadde Martin Richenhagen, styreformann og konsernsjef i Agco, møte med Sergio Marchionne, administrerande direktør i Fiat. Fiat eig 89 prosent av CNH. Der drøfta Agco-sjefen ulike løysingar, etter eiga utsegn "utan hell".– Fiat er framleis ikkje klar til å selje, sa Richenhagen til ei italiensk avis. Likevel jobbar Agco vidare med å undersøke dei praktiske sidene ved ei eventuell avtale, tid dømes finansiering og konkurransespørsmål, melder agrimoney.com. Richenhagen trur nemleg at Marchionne kan ombestemme seg. For to månadar sidan sa Fiat at dei var interesserte i å sjå på ymse løysingar for industridivisjonen, som omfattar landbruks- og anleggsmaskinselskapet CNH og lastebilprodusenten Iveco.Aksjemarknaden ser det som lite truleg at ei avtale går i boks, med CNH sine aksjar opp beskjedne 0,9 prosent onsdag, til 45,62 US dollar. Det er likevel den høgaste kursen på to år. Agco-aksjar gjekk same dag ned 1,7 prosent til 47,04 US dollar.