reg-ill10.jpg
reg-ill10.jpg

Råsterk november

OK, John Deere er størst - men sjekk totalregistreringane! Dette er enormt. I løpet av siste 47 månadane er det einast desember 2007 som står sterkare enn årets november. Jøjje meg.

Publisert

No skal det seiast at nær sagt alle traktorimportørar har fortalt oss at "Vi kjem til å gjere det godt dei siste månadane, for så gode tal som vi har, kan neppe nokon andre ha!" Men det har dei altså, dei aller fleste Før vi seier noko meir, her er tala:

Nyregistrerte traktorar november 2010, og til no i år.

John Deere er suverent i tet, og markerer styrke med nok ein sterk månad. Marknadsandelen til no i år er tilbake på nivået før fjorårs-fallet, noko vi også ser på statistikken for siste 12 månader.

Nærkamp om pallplass

Dei tre neste plassane vågar vi enno ikkje å seie noko sikkert om, anna enn at dei slæst om andre-, tredje- og fjerdeplassen. Den kampen er ikkje avgjort. No skil det 60 traktorar mellom New Holland og MF. Dei siste åra har MF slått den blå med høvesvis 52, 43 og 78 traktorar i desember. Difor tør vi ikkje spå utfallet her.Tar vi med at Valtra ligg berre seks traktorar bak Massey Ferguson, anar vi konturane av ein innspurt hardare enn vi har sett på lenge. Det same ser vi på statistikken for siste 12 månader: Der er avstanden 35 traktorar mellom New Holland på andreplass og Valtra på fjerde, med MF åtte traktorar bak New Holland.

Målt mot i fjor

I tal traktorar er det einast to merke som har tilbakegang å snakke om, og det er MF og McCormick, med minus 10 og minus 14 traktorar mot same periode for eitt år sidan. I marknadsandel er John Deeres framgang i ein klasse for seg sjølv, men må tilskrivast den enorme tilbakegangen merket hadde i fjor. Sett over litt lengre tid er John Deere omlag på normalt nivå. New Hollands marknadsandel går like mykje tilbake som CaseIH går fram, noko som betyr at A-K er einaste importør som held marknadsandelen etter Felleskjøpets tilbakekomst. Både Valtra og Claas går i minus, og det gjer også dei to Eik-merka.

Fleire spurtoppgjer

På statistikken for siste 12 månader skil det sju traktorar mellom Deutz-Fahr og Fendt, med Zetor innimellom. Også her må det til ein spurt før rekkefølgja er klar.Derimot er det sikkert at McCormick kjem lunkande inn til ein 10.-plass, midt mellom alle dei små og dei store. Vidare nedover lista kjem dei tett i tett: Kubota, Ferrari, Lamborghini (neida, dette er ikkje noko sportsbilløp) og så vidare. Du kan like gjerne lese tala sjølv, for alle ligg frå 19 og nedover. Ein luring som skil seg ut, er Holder som har registrert 12 traktorar i november, til skilnad frå null resten av året. Snakk om ketsjup-effekt!

Alt på ein gong

Normalt er november midt på treet når det gjeld traktorregistreringar. Mellom dei fire til seks beste månadane i året, det er standarden. Så kjem altså november 2010 og knuser alle månader i 2007, 2008, 2009 og 2010 - med unntak av desember -07. Og alle som følgjer med på registreringsstatistikken veit at desember normalt er klart sterkaste månaden gjennom året. Dette er rart. Her er det fleire faktorar som spelar inn. Vi meiner at nedturen i 2009 var kunstig stor, grunna unødig stor forsiktigheit knytt til finanskrisemaksimeringa. Resultatet av nedgangen i 2009 forplanta seg inn i 2010, mellom anna ved at importørane melde inn for få traktorar i sine forventningar til traktorfabrikkane, slik at fleire av fabrikkane har køyrd på for låg kapasitet. Så har brått mange av dei som tenkte å bestille traktor i fjor fått det føre seg at dei heller skal gjere det no. I tillegg har det kome ein del interessante nye modellar det siste året, som no tar til å feste grepet om marknaden. Då snakkar vi om alt frå økonomi-utgåver til høgspesifiserte trinnlause nykomlingar. No kjem brått mange av desse ut på marknaden, samtidig.

Kva blir det neste? Jo, desember!

Nyregistrerte traktorar siste 12 månader, førre 12 månader og perioden før der att. (c) Bedre Gardsdrift.