kverneland 4300 slåmaskin.jpg

Ny serie slåmaskiner

Kverneland har lansert ein ny serie slepeslåmaskiner. Enklare drivline og meir praktisk plassering av hydraulikkrør er nokre av endringane, saman med ein meir aggresiv stengelbehandlar.

Publisert

Drifta går via eit vinkeldrev som ligg under svingpunktet til bommen.

4300-serien frå Kverneland har ei forenkla drivlinje med betre linjeføring på kraftoverføringa. Det gir seg mellom anna utslag når du endrar vinkel på bommen.

Hydraulikken ligg under eit deksel oppå trekkbommen, i staden for inni bommen. Det gir både rimelegare konstruksjon og enklare jobb ved eventuell reparasjon.

Stengelbehandlaren er meir aggressiv, med stålfingrar opphengde så dei aldri vil vike så lenge det er gras dei møter motstand frå.

Slåmaskina var av nyheitene som vart vist under FK Agri si maskinmønstring i Letohallen.

Powered by Labrador CMS