trakor død 09

Klemt ihel av traktorhydraulikken

Ein 71 år gammal mann frå Kvinesdal i Vest-Agder omkom då han vart klemt mellom traktoren og reiskapen då han skulle legge på kjetting måndag kveld. Mannen døydde på staden.

Publisert

Det var ingen vitne til hendinga, fortel operasjonsleiar Frank Solås ved Agder politidistrikt til Bedre Gardsdrift. Den 71 år gamle mannen køyrde ein Massey Ferguson 675, 1986-modell.Politiet ser det som mest truleg at mannen var i ferd med å legge på kjettingar på traktoren, og at han har kome borti ein hydraulikkhendel på traktoren. Då dette skjedde, trur politiet at mannen sto mellom traktoren og reiskapen. Ved at mannen har vore borti hendelen, har traktorhydraulikken klemt mannen i hel. Dette er kva som ser ut til å ha skjedd. Den endelege rapporten er ikkje ferdig. Bedre Gardsdrift kjem tilbake med meir i løpet av dei næraste dagane.

Powered by Labrador CMS