gdf kuhn i-bio grasdemo.jpg
gdf kuhn i-bio grasdemo.jpg

Vått men godt på maskindemo

Maskinbransjen har hatt ei lang rekkje demonstrasjonar av grasutstyr i sommar, men stort sett har dei vist ein imponerande mangel på samarbeid. Difor vil vi lovprise grasdemoen i Førde.

Publisert Sist oppdatert

Eit godt tiltak, trass litt fukt.

Det er ein god ting at leverandørane tar med seg utstyret ut på ein eller annan teig for å vise det fram. All ære til det initiativet. Å sjå ei maskin i bruk er noko heilt anna enn å lese brosjyrer eller sjå utstyret oppstilt på filtteppe med ein lyskastar hengade over seg. Likevel: I sommar er det etter kva vi har oversikt over arrangert over 75 demonstrasjonar av grasutstyr kringom i landet. Berre nokre heilt få plassar har leverandørane klart å samle seg til felles-demo.

Sjå bildegalleriet vårt her!

Tap eller vinn

I fleire distrikt har konkurrentar arrangert maskindemonstrasjonar med få dagars mellomrom. Du skal vere veldig interessert for å sette av tid til å gå på meir enn ein av desse, så konsekvensen av det dårlege samarbeidet er dårlegare besøk hos alle. Vi har dessutan tru på at den som skal selje ei maskin tener på å vise maskina si side om side med konkurrenten si maskin. Toler ikkje maskina å samanliknast, er den heller ikkje verd å selje.

Samarbeid i Førde

Flest konkurrentar på same teigen fann vi i Førde. Dei fire lokale leverandørane A-K, Eik, Maskinsenteret (Lantmännen) og AMT maskin (HCP) slo alle gode krefter saman, og delte på arbeid og kostnader til god marknadsføring, skikkeleg servering (gratis pølse, burger og kaker) og ei speakerteneste med godt høgtalaranlegg. Dette skal dei ha all honør for. At demoen enda på ein av dei våtaste dagane denne sommaren kan ikkje arrangørane lastast for, trasss i at dei venskapeleg skulda på at "det er konkurrenten som skulle fikse vêret".

Langvegsfarande

Trass vêret stilte mange entusiastar opp frå både nær og fjern. Fleire hadde mange timar i bil bak seg, for å få sett aktuelle maskiner i aksjon. Også eit par av importørane stilte opp som støtte til dei lokale forhandlarane, og saman løfta dei det faglege nivået ved å gi kyndig informasjon om maskinene som vart viste.

FK mangla

At den femte store aktøren ikkje var til stades, vart forklart med at arrangementet var av og med dei som driv i Førde. Felleskjøpet har si maskinavdeling i Jølster. Heller ikkje Aase landbruk si avdeling i Gaular var med, og det same med direkteselde Orkel.

Fort og gale

For deg som skal køyre i ein slik demonstrasjon seinare, er det verd å merke seg at den rundballepressa som nok gjorde best inntrykk, var den som vart køyrd i lågast fart. For den vart det ikkje noko tull med. Ein demo er ikkje plassen for å vise toppfart under vanskelege forhold, for det å måtte stoppe med ei maskin som ikkje vil, er eit dårleg salsargument.

Korleis lære meir

Ein ting er å sjå maskiner som nokre få av dei frammøtte kjem til å kjøpe i løpet av dei næraste åra. Ein annan ting er å gi ut kunnskap som alle kan ha nytte av. Dei som førte ordet i Førde fekk fram at eit godt grovfôr startar med god jordarbeiding som etterlet seg ei slett og jamn overflate. Sånne ting vil vi gjerne ha meir av. Gjerne også ein liten pause frå maskinene, der vi kan sjå på graset i strengen etter slåmaskinene - med rettleiing. Ikkje nødvendigvis for å kåre ein vinnar, men for å forstå kva vi skal passe på når vi stiller inn vår eiga maskin.

"