db-undergang-q.jpg
db-undergang-q.jpg

Lastar mot bru

Det skjer stadig vekk, og media elskar å skrive om det: Traktor med frontlastaren høgt oppe møter bru. Men kor skal vi gjere av lastaren under køyring, eigentleg?

Publisert Sist oppdatert

Lastar på topp, undergangen litt låg... Faksimlie frå dagbladet.no.

Dette biletet er av ein John Deere med nasen i sky har dagbladet.no godta seg med, under overskrifta "Hun kjørte kanskje litt feil". Men det er ikkje første gongen det skjer. Vi kan minnast fleire episodar frå dei seinare åra, og det som skjer er støtt det same.

Klassisk uhell

Ein traktor skal under ei bru eller ein undergang av eit eller anna slag. Føraren gløymer å sjekke at det er plass til frontlastaren, og brått blir passeringa noko ugrei. Som regel blir ingenting skadd, ut over nokre materielle ting på lastar og kan hende traktor og hengar. Det er også ganske typisk at det skjer under onnene, som her: Traktorføraren var på vegen med hengaren full av korn. Vi kan forresten nemne at politiet ikkje såg nokon grunn til å gjere noko med denne saka.

Korleis skal eg køyre?

Det er det store spørsmålet. Helst bør ikkje lastaren vere på traktoren under vegkøyring i det heile, meiner vegstyresmaktene. Det dei som regel tilrår, er at lastaren står så høgt som mogeleg. Men då kan sånne ting som dette skje, det er risiko for å dra med seg kraftleidningar og telefonlinjer, og der vegen er omkransa av tre, kan ein høg lastar ta oppi greiner og kvist. Dessutan likar ikkje lastebilsjåførane at frontlastaren står på topp, for ved ein samanstøyt vil lastaren kome beint inn gjennom frontruta. Slett ikkje trygt, det kan alle vere einige i. Dessutan, på mindre traktorar vil ein lastar på topp bidra til sterkt svekka stabilitet.

Lastaren heilt nede?

Vi i Bedre Gardsdrift meiner det tryggaste er å ha lastaren så lågt som mogeleg, men det er ikkje vi som bestemmer trafikkreglane her i landet. På hjullastar er det tilrådd å køyre med skuffa maks 40 cm over bakken. Den hengjer vi oss på: Maks 40 cm klaring til bakken, helst mindre. Gå ut av traktoren for å sjekke høgda før du køyrer. Ting ser oftast heilt annleis ut når du står framom traktoren enn når du sit i hytta. Dessutan, og dette er viktig: Må du ha skuffe på, skal botnen på skuffa ligge parallelt med bakken. Skuffa skal ikkje vere tilta opp. Då vil den brøyte seg over møtande bilar ved ein eventuell kollisjon, i staden for at bilen krasjar slik den er bygd for. Det er vår meining.

Utan last

Hugs også at skuffe eller klype ikkje skal brukast til å frakte ting med under køyring på veg. Må du ha med spyd eller pallegaffel, er det berre to løysingar som blir godtatt: Enten lastaren på topp med tindar eller spyd peikande beint ned, eller lastaren oppe eller nede med tindar eller gaflar slått opp, om reiskapen er bygd for det. Heller ikkje pallegaffel eller spyd er godtatt med last under køyring langs offentleg veg.

Kva om eg blir stoppa?

Lovverket seier ingenting konkret om korleis du skal køyre med lastar. Einaste kravet er at du skal køyre slik at det ikkje oppstår unødig fare eller skade. Dersom du har tenkt gjennom kvifor du har lastaren i den posisjonen du vel, og kan grunngi det, er du etter vår meining komen ganske langt.