dalen 1518 bøyleq.jpg

Aller siste sjanse for Dalen-bøyle

Etterspurnaden etter Dalens vernebøyle for trufaste traktorar er så stor at selskapet no produserer ein aller, aller siste serie. Vil du ha, er absolutt siste bestillingsfrist 1. november.

Publisert

Har du gammal traktor utan førarvern? Enten må traktoren stå ubrukt, eller du må montere noko som er godkjent.

Om traktoren skal brukast, skal den har vernebøyle. Så enkelt er kravet, og all dokumentasjon frå fleire tiår bakover beviser at veltebøyle bergar liv.

Ute av produksjon

Dalen har i mange år hatt ein hendig, praktisk og sikker bøyle til dei mest vanlege gamal-traktorane i sitt sortiment. Bøyelen gjekk ut av produksjon i 2007, men etterspurnaden har ikkje tatt slutt. Difor vart ein ekstra serie produsert til dei som hadde bestilt i fjor, med melding om at no var det stopp.

Aller siste sjanse: Bestill før 1. november

Også det siste året har mange kundar vendt seg til Dalen for å sikre traktorane sine. Difor har selskapet bestemt seg for å produsere ein aller siste serie. Bestillingsfristen er 1. november, men det er nok lurt å bestemme seg alt no. Du bestiller via din lokale forhandlar. Dalen sine produkt blir leverte av Eik og av felleskjøpa. Prisen er kr 6200 pluss mva og frakt. Denne siste serien blir levert frå april 2011. Den som bestiller først, får først.

Nedfellbar

Funksjonen skulle vere kjent for dei fleste, men vi tar ein enkel repetisjon. Vernebøyle 1518, som er det komplette namnet, blir montert på bakakslingen på traktoren. Ved å ta ut to boltar (utan bruk av verktøy), kan øvste delen av bøyelen leggast ned, slik at traktoren kjem seg inn i låge bygningar.

Passar til desse

Her er lista over traktorar som bøyelen er laga for å passe til: - Ferguson TE-A20, TE-A20B, TE-D20 og TE-F20.- Massey Ferguson 25, 30, 35 og 35X.- Fordson Dexta og Super Dexta. - Volvo BM T425 Krabat, Terrier og 320 Buster.

Powered by Labrador CMS