reg-ill10.jpg

Pila peikar så vidt opp

Har vi nådd botnen? Statistikken for siste 12 månader viser ein ørliten framgang, som kan vere eit teikn på betre tider. MF er stadig på topp, med Valtra som nummer to.

Publisert

Traktorregistreringar siste 12 månader.

Dette betyr at John Deere er nede på tredjeplass på registreringsstatistikken for siste 12 månader. Avstanden mellom dei fire i tet er ikkje kjempestor, så her kan mykje skje. For første kvartal er det 24 traktorar som skil dei fire store. Så tidleg på året er det å rekne som nesten daudt løp.

Dei fire store

For John Deere må det vere triveleg å kunne notere at nedgangen frå det siste trekvart året tar til å bremse opp. Faktisk er hjorten ti traktorar framom Valtra, og med det i tet om vi ser isolert på første kvartal. Det må vere til god oppmuntring for felleskjøpa, som har opplevd ei brutal halvering av nyregistrerte traktorar om vi samanliknar med førre tolvmånadersperiode, og ein gedigen tilbakegang i marknadsandel.Valtra er på andreplass både siste 12 månader og siste kvartal. Det lovar godt for finnen. Her er heller ikkje fallet frå tidlegare tider så stort. Målt mot førre kvartal har faktisk Valtra tre traktorar i pluss, og heile 4,7 prosentpoeng i auka marknadsandel Dette tyder på at merket har klart seg godt gjennom dårlege tider.Massey Ferguson har lagt bak seg eit ganske så svakt første kvartal 2010, og avstanden til nummer to på den rullerande lista er minkande. Får vi eit par månader til som mars, kan teten endre seg. Ser vi bort frå Valtra, er New Holland det merket som har tapt minst, både siste 12 månader og første kvartal i år målt mot same periode i fjor. Den blå har faktisk også ein fin framgang i marknadsandelen, men ikkje nok til å sikre pallplass.

Svakt i pluss

Frå plass nummer fem og nedover lista har alle landbruksretta merke ein svak framgang i marknadsandel, eller dei står uendra. Dette betyr at dei store taper meir enn dei små for tida. Dette gjeld når vi ser på første kvartal 2010. Det er ikkje store tala vi snakkar om, bortsett frå Deutz-Fahr. Der er det faktisk ein ganske pen framgang frå svake 17 nyregistrerte første kvartal i fjor til 23 no. Skåret i gleda er at siste 12 månader ser skalt ut i talet Deutz-Fahr, sjølv om marknadsandelen er nærast uendra. Største framgangen har JCB, som held nivået frå 07/08. Det gjer også CaseIH. Skilnaden på dei to er at den raude var ganske mykje høgare i 08/09, mens den gule var temmeleg lågt i den perioden.

Importørane

For tida er Eik i tet, åtte traktorar framom Lantmännen. 13 traktorar bakom der kjem A-K. Dei tre store har altså mellom 539 og 560 traktorar kvar. Deretter kjem felleskjøpa medrekna dotterselskap som Reinhardt, som har 404 traktorar med smått og stort. Dermed er felleskjøpa knapt dobbelt så store som HCP, med 222 traktorar. Alle tal er for siste 12 månader.

Påske?

Ein liten usikkerheitsfaktor på denne tida av året er effekten av påska. I år er det grunn til å tru at påskeeffekten er jamt fordelt på mars og april. I fjor var påska godt uti april, mens i 2008 var det full påskeverknad i mars. I og med at tala våre er registreringsstatistikk, gir dette einast utslag på om traktorar som er klare for registrering blir registrerte eller utsette til seinare. Vi ser gjennom året at fridagar kan påverke statistikken litt, men dei heilt store utslaga skal vi ikkje snakke om.

Powered by Labrador CMS