blæstad.JPG

Full satsing på Blæstad

Etter nokre år med litt att og fram om framtida for Blæstad, er skulen no sikra liv i lange tider. Det klassiske studiet i landbruksteknikk og det nye studiet i agronomi har søknadsfrist 15. april.

Publisert

Populær type.

Det siste året er det jobba intenst med å finne ei god løysing for Blæstad i framtida. Resultatet av arbeidet er ar Blæstad held fram som ein spesialisert studiestad med landbruksutdanningar. Tilbodet i landbruksteknikk blir vidareført med ein ny og betre studieplan, og i tillegg kjem eit nytt studium i agronomi. Begge desse er treårige fulltidsstudium. I tillegg får du høve til å ta eittårige utdanningar i landbruksteknikk og økologisk landbruk. Den treårige utdanninga i økologisk landbruk er lagt ned. Skulen er administrativt underlagt Evenstad, som gir utdanning i skog- og utmarksbaserte fag. All undervisning har Blæstad som utgangspunkt.

Søk før 15. april

Går du på vidaregåande og lurer på vegen vidare, er det god grunn til å vurdere ei Blæstad-utdanning. For å kome inn her treng du studiekompetanse, og du må søke før 15. april. Informasjon om alt slikt finn du på skulen sine nettsider, om du går inn her.

Ny organisering av utdanninga

" Mens Blæstadutdanningane tidlegare var opplagte etter ein tradisjonell timeplan med eksamen før jul og på våren, vil utdanninga frå hausten vere opplagt med eitt fag om gongen. Innbakt i dette faget litt alt slikt som matematikk, fysikk, kjemi og andre fag som før gjekk for seg sjølve med separat eksamen. Når du no til dømes skal gjennom faget Hydraulikk i landbruket, lærer du om sleideventilar eine dagen, og ein annan dag lærer du den matematikken du treng for å beherske fysikk-utrekningane du treng for å berekne eit hydraulikkanlegg. Organiseringa med eitt fag om gongen gir også betre høve å reise langt bort for å hente lærdom av folk utanfor skulen.

Teori og praksis

Ein av styrkane til utdanninga på Blæstad, er at du både grev deg ned i bøker inne på klasserommet, og grev i jorda eller fordjupar deg i motorblokka på skulegarden eller i verkstaden. Det er også lagt opp til bedriftsbesøk, messeturar og ekskursjonar.

Viktig for landbruket

Skulen har gitt landbruksutdanning sidan 1923, og særleg har høgskuleutdanninga i landbruksteknikk vore viktig for det norske landbruket. Svært mange nøkkelpersonar i norsk maskinbransje har bakgrunn frå Blæstad, og etterspurnaden etter nye folk med slik bakgrunn er stor. Det same skulle gjelde den nye utdanninga i agronomi, som fyller eit tomrom i det norske utdaningssystemet.

Samlar kompetanse

I fjor haust opna eit nybygg på Blæstad, med kontor for Hedmark Landbruksrådgiving (forsøksringen), eit rekneskapsbyrå, Hedmark bondelag, og eit felles landbrukskontor for Hamar, Løten og Stange. Med andre ord finst der ei god samling av gløgge folk på tunet. Meir om Blæstad på skulen sine eigne nettsider.

"
Powered by Labrador CMS