jaget vilt-n

\"Kort\" er fem km!

Senioringeniør Tore Eikeland i Statens vegvesen region Vest slår fast at fem kilometer er "kortare avstand". Fordi både vegvesen og bondelag står bak brosjyra.

Publisert

- Då er det denne tolkinga som både Statens vegvesen og landbruksnæringa får leggja til grunn - av omsyn til dei andre trafikantane, seier Eikeland til Jærbladet. Med andre ord tolkar han brosjyra "Vis trafikkvett på traktoren" på same måte som Bedre Gardsdrift fryktar, som omtalt i leiarartikkelen "Godt ment gjør vondt verre".

- Men blir det vanskeleg med lova i hand å tvinga gjennom ei 5-kilometersgrense, spør avisa.

- Handhevinga av regelverket er det opp til politiet å ta seg av. Dersom me ser kjøring med landbruksreiskap som me meiner er i strid med lova, melder me det til politiet, seier Eikeland.

" Han seier vidare at traktorar og tungt landbruksutstyr er ein risiko i trafikken, at utstyret ikkje er bygd for å brukast på veg men ute på jordet, og Eikeland hevdar vidare at tryggleiksutstyret er underdimensjonert samanlikna med krava som blir stilt til tyngre køyrety. Mellom anna peikar han på mangelen på luftbremser og underkøyringshinder i fronten.- Alt dette er risikomoment som talar for at traktorar i så stor grad som råd bør bort frå vegen, seier senioringeniør Eikeland.

Han ser at samdrift og nye driftsformer fører til auka transportbehov.- Intensjonen med forskrifta som gir dispensasjon for køyring med reiskap breiare enn 2,55 meter over kortare strekning er at bøndene skal kunne køyre frå jorde til jorde som ledd i gardsdrifta. Vi veit at det lett kan bli meir enn fem kilometer mellom jorde som tilhøyrer same samdrift. Likevel er det slik at det er trafikktryggleiken som må vega tyngst, seier Eikeland.

Relaterte artikler

    Powered by Labrador CMS