Liv Signe Navarsete_1

Vil ivareta både landbruk og tryggleik

Konkretiseringa av fem-kilometersregelen kom med den mykje omtala brosjyra. Grensa er ikkje politisk bestemt, den ivaretar ikkje landbrukets behov, og grensa er difor endra til 34 km, seier samferdsleministeren til Bedre Gardsdrift.

Publisert

Det er inga usemje mellom landbruket og styresmaktene om at trafikktryggleik har førsteprioritet. Landbruket har behov for å bruke vegen, og det behovet ville blitt unødig hindra med den såkalla femkilometersregelen. Det seier samferdsleminister Liv Signe Navarsete til Bedre Gardsrift.

- Vi ser at noko må gjerast straks. Den beste løysinga vi kan finne på kort sikt, er å endre tolkinga av kort avstand til 34 kilometer, gjeldande for komande år. Vi skal få på plass permanente ordningar, men for å gjere det skikkeleg treng vi litt meir tid. Difor tar vi dette i to steg. Trinn to er at ei arbeidsgruppe gå gjennom regelverket meir i detalj. Første juni skal gruppa legge fram arbeidet sitt. Så skal dette ut på høyring, og i løpet av hausten skal permanente ordningar vere på plass, opplyser Navarsete til Bedre Gardsdrift.

- Avklaringa av 34 kilometer er ei pressisering av eitt av dei fire ledda i forskrifta. Då står vi att med definisjonen av kva som er forflytning, kva som er landbruksreiskap og kva som er vanlig bruk. - Dette er ting som den nemnde gruppa må jobbe med. Det prekære var å få gjort noko med den såkalla femkilometersregelen, svarer Navarsete.

Gruppa som skal arbeide med det framtidige regelverket blir sett ned i løpet av komande veke. Det er såleis enno ikkje bestemt kven som skal vere med der. Navarsete understrekar at ho ynskjer å ha med folk med landbruksfagleg og landbruksteknisk kompetanse, ikkje nødvendigvis berre frå landbruksorganisasjonane. Gruppa skal elles vere breitt samansett.

- Her er særleg tre faktorar som må vere med i vurderingane. Trafikktryggleik, framkomst og landbrukets behov, seier ministeren.

Endringane kjem etter at fleire ulike aktørar i landbruket har tatt kontakt.

Relaterte artikler

    Powered by Labrador CMS