jogeir jd-presse 5km

Vi har prøvd (og møtt veggen)

Bedre Gardsdrifts vestlegaste bonde har gjort forsøk på å søkje dispensasjon frå femkilometersregelen. Det gjekk dårleg.

Publisert

Forsøket er gjort som bonde, og ikkje som journalist. Difor er heller ikkje namna på personane eg har prata med oppgitt.Situasjonen er denne: Eg driv ein liten gard, og eig ei John Deere 336A firkantballepresse. Den er ca 260 cm brei, altså breiare enn 2,55 m. Eg leiger jord hos ein nabo (ikkje den næraste, men nabo til den næraste). Avstanden er 7,3 km langs offentleg veg, av desse knapt seks langs riksveg. Ergo gjeld ikkje den generelle dispensasjonen med "kortere avstand" for meg, om brosjyra frå TLIF, Bondelaget, Vegvesenet og dei andre gjeld. Eg tykkjer det er meiningslaust, og prøver å søkje dispensasjon..Eg ringjer Statens Vegvesen region Vest, blir sett over til ein som jobbar med slikt, og ber om hjelp til å søkje dispensasjon.- Var det ei høypresse, sa du?- Ja, ei høypresse, svarer eg. - Kor brei er den, da? - Ca 2,60. - Kor tung er den, da? - Knapt halvanna tonn, vil eg tru. - Ja, sånne transportar skal jo helst over på bil, dei.- Å leige bilfrakt kostar like mykje som å kjøpe ein bil med ferdig høy, svarer eg.- Å, så ille kan det da ikkje vere. Men du kan ringe NNN, han kan hjelpe deg. Eg er ute i dag, nemleg.

Eg ringjer NNN. Starten på samtalen, med stadfesting av at dette er ei høypresse, og dobbeltsjekk av breidda, går som sist.- Og denne går på eigne hjul? - Ja, trekt av traktor. - Kor fort går det? - 30. - Hm. Ja, eg må notere litt. Kan eg ringe tilbake?

Det går ein halvtime.- Det var denne høypressa. Eg har sjekka dette. Den må opp på hengar.- Men eg vil søkje dispensasjon. - Det går ikkje. Når avstanden er over fem kilometer, kan du ikkje søkje dispensasjon.- Denne hengaren, kan eg bruke maskintralle bak traktor, må det vere semihengar på lastebil, eller klarer det seg å sette den opp på ein vanleg lastebil?- Traktor kan du ikkje bruke, for traktor kan ikkje køyre spesialtransport. Så sant totallengda er under 12 meter, kan du bruke vanleg lastebil.

Konklusjon Med brosjyra til TLIF og Bondelaget i hand, blir eg i praksis nekta av vegvesenet å drive denne jorda.Leigejorda har til no gitt ei årleg avling på kring 30 rundballar, som tilsvarer omlag 1500 kg høy. Eg sjekkar kva lastebiltransporten vil koste hos lokale transportfirma.

For meg og høypressa kjem prisen på 2000 kroner pr. tur. To turar pr. slått er fire turar årleg, altså kr 8000. For den prisen får eg kring to tonn kg ferdig høy levert heime på tunet.

Han som er leigd til å presse rundball må sende både slåmaskin og presse på bil, om han skal halde fram å gjere jobben for meg på "lovleg" vis. Avstanden til næraste gard i den retninga er nemleg også over fem kilometer. Det blir to turar kvar veg, ein til presse og ein til slåmaskin, fordi det ikkje er lov med meir enn eitt kolli med overbreidde om gongen.

Den transporten vil kome på minst kr 12 000 årleg, og fordyre kvar rundball med kr 400, meir enn kva eg må betale for å kjøpe gode rundballar, ferdig levert heime på tunet.

Så då er det vel berre å gløyme å drive den jorda.

Versågod, krattskog, her er det fri bane!

Powered by Labrador CMS