jcb namm christian wisbech

Utstyr frå Lena til Vågå

Nils A Mørk Maskin Vågå AS skiftar namn til Gudbrandsdalen Maskinsalg & Service AS, og vert forhandlar av Lena Maskins komplette produktprogram og for Johs Møller Maskin.

Publisert

No får McCormick forhandlar midt i Gudbrandsdalen.

Med det vert maskinforhandlaren på Vågå temmeleg komplett, med alt frå hurtige traktorar, via ymse anleggsutstyr, til eit breitt sortiment av ordinær landbruksreiskap.

Namneskiftet kjem fordi firmaet har utvida produktspekteret mykje, og fordi dei vil markere tydelegare kor dei høyrer heime. Vågå ligg berre ein kjapp avstikkar frå Otta, og er såleis sentralt plassert i Gudbrandsdalen.

Breiare satsing

Christian Wisbech er sjef for selskapet, som starta for omlag eitt år sidan. Dette første året har gått med til å bygge seg opp og få i stand tenelege lokale. No er tida inne for å satse meir, og då ser Wisbech det naturleg å satse vesentleg breiare mot landbruket og tilgrensande næringar.

Utfyllande produktspekter

Christian Wisbech styrer Gudbrandsdalen Maskinsalg & Service AS, med både gule og raude traktorar.

– Produkta vi no kan levere utfyller kvarandre på ein god måte. Vi har JCB Fastrac og høvelege tilhengarar frå Nils Anton Mørk Maskin AS. Vi er ein fullsortiments forhandlar for Lena Maskin, med alt frå rekvisita via reiskap til McCormick traktorar, og dette betyr også at vi har tilgang til utstyr Aase Landbruk har agenturet på. Dessutan leverer vi store og små anleggsmaskiner av merka Liebherr, Neuson og Weidemann frå Johs Møller Maskin.

Gudbrandsdalen Maskinsalg & Service AS tilbyr service på alle traktormerke og alle typar utstyr, med eigen verkstad og servicebilar.

Powered by Labrador CMS