følgebil.jpg

Usemjene

Landbrukets representantar seier tvert nei til fleire framlegg som fleirtalet stiller seg bak. Dette gjeld bruk av følgebil, 30 km/h som fartsgrense, og forbod mot køyring i rushtida.

Publisert

Målet med nytt regelverk må vere å få til noko som lar seg følgje, og som reelt bidrar til sikrare og smidigar ferdsel i trafikken, meiner TLIF og Bondelaget. Difor seier dei nei til enkelte av framlegga frå fleirtalet.

Samferdsleminister Liv Signe Navarsete har tidlegare sagt til Bedre Gardsdrift at ho vil sjå på kva framlegg som gir dei mest fornuftige løysingane, uavhengig om framlegget kjem frå fleirtalet eller mindretalet i arbeidsgruppa.

Ekstremt kostbar følgjebil

Lastebileigarane, NAF, Arbeidstilsynet og resten av fleirtalet meiner at alt som er breiare enn 3,0 meter skal ha følgjebil ved all køyring på offentleg veg.

Fleirtalet i gruppa krev bruk av følgjebil frå 3,00 meter. Kalkylar frå landbruket viser at dette kan føre til ein årleg ekstrakostnad på mellom ein halv og tre kvart milliard kroner, og i praksis vil tiltaket vere særs vanskeleg å gjennomføre. Vi veit alle kor vanskeleg det er å skaffe onnehjelp til ordinært arbeid i dag. Skal vi i tillegg ha med oss nokon til å køyre følgjebil, som skal stå parat til å flytte straks vi er klare, vil det ha konsekvensar som er vanskelege å førestille seg. Timekostnaden på følgjebil - om slikt er tilgjengeleg - er kring 400 kroner pr. time. Landbruket har argumentert med at dei i dei fleste tilfelle er naudsynt å engasjere følgjebil på heiltid, så lenge reiskapen er i bruk, fordi det ikkje er gjennomførbart å ha følgjebil på tilkallingsvakt i hektiske onner. Det finst heller ingen tal som dokumenterer at køyring med breitt utstyr fører til nemneverdige ulukker. Difor meiner landbruket at det er nok med følgjebil frå 3,50 meters breidde, som i dag. For dei som ser seg tente med følgjebil ved mindre breidder, er det sjølvsagt fritt fram.

Landbruksdepartementet meiner at kravet til følgjebil først bør gjelde frå 3,30 meter. Det har også vore framme eit alternativ med følgjebil frå 3,30 meters breidde, ved køyring lengre enn 10 kilometer, men denne ideen er ikkje med i dei endelege framlegga.

Vil ikkje vere trafikksinke Nokre medlemmer av arbeidsgruppa meiner at det er for vanskeleg å køyre forbi traktorar i trafikken. Det blir vist til utrekningar over forbikøyringsstrekning ved ymse hastigheiter, som viser at det går mykje fortare å køyre forbi nokon som køyrer i 30, enn å køyre forbi om farten på den forbikøyrde er høgare. Difor har fleirtalet i arbeidsgruppa kome fram til at fordi det er vanskeleg å køyre forbi traktorar som går fortare, skal breitt landbruksutstyr skal ha ei øvre fartsgrense på 30 km/h. Denne vurderinga er TLIF, Bondelaget og landbruksdepartementet sterkt usamde i. Frå landbruket er det argumentert med at ei slik fartsgrense vil vere uråd å handtere og handheve, og med det bli ein sovande regel. Med maks fart 30 km/h vil traktoren vere i vegen mykje lengre tid om gongen, og dermed vere til hinder for langt fleire andre trafikkantar. Det beste tiltaket for å lette forbikøyring, er haldningsskapande arbeid om å generelt vise omsyn til kvarandre, meiner landbruket.

Nei til rushtidsforbod Fleirtalet i gruppa meiner det skal vere forbode å køyre breie landbruksmaskiner på vegen når det er rushtid. Rett nok er det, etter initiativ frå landbruket, foreslått å mjuke opp definisjonen av rushtid, slik at denne ikkje er fastlåst til visse klokkeslett og dagar som i regelverket for andre breie transportar i dag. Ein eventuell ny definisjon går ut på at rushtid er når det er vesentleg meir trafikk på vegen enn normalt. Framlegget får likevel ikkje støtte frå Bondelaget, TLIF og Landbruksdepartementet, grunngitt med at ein slik regel vil vere vanskeleg å handheve og etterleve. Køyring med breitt landbruksutstyr er knytt til onner, der arbeidstida er avgjort av agronomi og vêr, og arbeidet føregår på plassar med særs ulike trafikkbilete. Det som kan opplevast som rushtid ein plass er normaltrafikk ein annan plass, og regelen vil vere så open for tolking at også dei som skal handheve regelverket vil slite. Dei to representantane frå landbruket peikar vidare på at dei aller fleste bønder forstår at det ikkje er lurt å svinge ut i vegen med landbruksmaskin, brei eller ikkje, rett framom ferjekøen, eller akkurat når alle skal heim frå arbeid. Dette er strengt tatt også regulert i trafikkens grunnregel, som kort og godt seier at vi skal vise omsyn til kvarandre.

Relaterte artikler

    Powered by Labrador CMS