DF Agroplus TTV 430_1

Traktorsatsing i Førde

AMT Maskin er siste nye traktorforretning i Førde. Brørne Asgeir og Morten Tjønneland satsar på fullt produktspekter frå HCP, reiskap frå Aase, og utstyr elles frå Skogsmaskiner, Grene og Nessemaskin.

Publisert

Målet er å selje 10 til 15 traktorar første året. Deutz-Fahr er flaggskipet, og vil nok også bli det merke AMT Maskin sel flest av. Dei har også gode håp om bra respons på Zetor. Satsinga passar godt med HCPs sentrale ønske om sterkare satsing over heile landet.

Morten seljar, Asgeir mekanikarDei to er langt frå ferske i faget. Dei er oppvaksne i faren sitt selskap Anga Traktor og Maskin på heimegarden. Faren har frå tidleg 90-tal hatt agenturet på Deutz-Fahr, og i dei seinare år også Krone. Han har også hatt mellom anna Fendt i stallen.Asgeir har vore mekanikar i faren sitt selskap fram til no. Morten har vore seljar i landbruksbransjen, men i ymse andre firma.- Vi veit kva vi går til, og vi startar ikkje på null. Det merkar vi også alt no, med mykje respons frå kundar før vi har opna dørene.Opningsdagen er sett til 2. februar.

Oppatt frå bølgjedalen Deutz-Fahr, Lamborghini, Same og Zetor har alle hatt gode periodar i Sogn og Fjordane. Dei seinare åra har det vore meir skralt. Deutz-Fahr har vore representert, men ikkje med så veldig hard satsing. Sist år vart det nyregistrert tre Deutz-Fahr, ein Zetor og ein Lamborghini i fjordfylket. Dei tala skal bli annleis. Når selskapet måla sine, sit dei med fem til ti prosent av traktormarknaden i Sogn og Fjordane.

- Vi har overtatt Deutz-Fahr-agenturet, og er einaste forhandlar for HCP sine merke i fylket. Mange kundar har ein traktor av eitt av desse merka frå før, og har sitte på gjerdet ei lita stund. Særleg er det mange Deutz-Fahr-kundar som har vore avventande til å skifte ut traktoren, seier Morten til Bedre Gardsdrift.

400 kvadrat verkstadSelskapet held til midt i sentrum, i samyrkelagsbygget. Der har AMT Maskin innreidd 400 kvadratmeter verkstad, kontor og butikk.Reiskap ut over Krone får dei frå Aase Landbruk, og frå Skogsmaskiner.Butikkvarene kjem dels frå Grene, og dels frå Nessemaskin. Oljeprodukta blir levert av Castrol.

Full pakke med konkurrentarFrå før har nær sagt alle utsal i eller nær Førde. Eik og A-K deler hus på eine sida av elva, mens Maskinsenteret, knytt til Lantmännen, er på andre sida. Tre kvarter unna, på Skei, har Felleskjøpet avdeling, mens Aase Landbruk har avdeling på Sande, nokre mil i motsett retning.Tjønneland-brørne fryktar ikkje konkurransen. Dei trur dei vil vinne på å vere små og lett tilgjengelege.

Powered by Labrador CMS