traktordød

Stygge ulukkestal

2008 vart eit dystert år, når vi ser på dødstala for traktorkøyring. Heile 16 dødsulukker, mot fire i heile 2007. Dette er ikkje bra.

Publisert

Alle ulukkene har til felles at ein traktor var innblanda på ein eller annan måte. Ingen av ulukkene involverte andre køyrety. I alle unntatt to av ulukkene var det traktorføraren sjølv som omkom. Begge desse ulukkene er påkøyrsle i fotgjengarfelt i by. Også to andre ulukker skjedde langs offentleg veg. I seks av ulukkene var det menn over pensjonsalder som førte traktoren og døydde. Ved fleire av ulukkene har den omkomne kome i klem når traktoren har velta.

Same kva som har skjedd, dette er ille.

Bedre Gardsdrift har gjennom året omtalt mange av ulukkene, og vi har bestemt oss for å omtale alle dødsulukker med traktor i året som kjem. Vi håpar at det ikkje blir nokon. I alle tilfelle ber vi om at du kontaktar oss om du får kjennskap til ei ulukke der traktor er involvert, også om ulukka er mindre alvorleg.Håpet er at omtalen skal bidra til å hindre nye ulukker, og til at kvar enkelt av oss blir meir bevisst på korleis vi køyrer og på kven vi lar køyre traktorane våre.

Powered by Labrador CMS