Samson PG nedfeller

Stoppa av UP 97 mil heimefrå

Johnny Haugland frå Bardu i Troms reiste til Stjørdal for å hente gjødselvogn. Med seg i traktoren hadde han papir frå Vegvesenet om at han ikkje trengde dispensasjon til transporten.

Publisert

Haugland har kjøpt ei vogn av denne typen, men møtte UP på veg heim

Haugland, som driv som bonde og landbruksentreprenør, er vel kjent med at det finst reglar for køyring av breitt utstyr. Difor kontakta han trafikkstasjonen lokalt, for å be om dispensasjon til å køyre den nye Samson gjødselvogna frå Stjørdal til Bardu, ein strekning på 1000 kilometer kvar veg. - Eg fekk til svar at det ikkje var behov for dispensasjon. Vegvesenet rekna traktoren med gjødselvogn som motorreiskap. Då er det ingen avstandsgrenser eller krav til dispensasjon, så sant breidda ikkje er over 3,25 meter. Med dette brevet på lomma, sette eg meg i traktoren på veg sørover, fortel Haugland.

For høg for bilfrakt

Grunnen til at han valde å hente vogna med traktor, er at frakt med bil er umogeleg, og båtfrakt går uendeleg seint.- Vogna er 4,10 meter høg. Plassert oppå ei tralle bak ein lastebil blir den for høg til å kunne køyre landevegen. Det er rett og slett ikkje fysisk mogeleg utan totalt å demontere vogna, fastslår Haugland. Han har også undersøkt om det er mogeleg å frakte vogna gjennom Sverige, men svara er for usikre til at han vågar å prøve det. Det andre alternativet, som er båtfrakt, ville tatt fire veker frå Trøndelag til Troms. Då er gjødselsesongen over for i år.

Laga lite kø

Johnny Haugland starta altså med godt mot frå Stjørdal, med si nye Samsonvogn i kroken på Fendten, og papir frå Vegvesenet på lomma. Straks det vart kø bak han, svinga han inn på første mogelege utviding. - Eg hadde på det meste sju-åtte bilar bak meg, og køyrde aldri lenger enn til første utviding før eg slepte forbi.

UP ikkje samd med Vegvesenet

Då han var komen til Åsen, omlag 25 kilometer nord for Stjørdal, vart han vinka inn av UP. Dei hadde ei heilt anna tolking av regelverket enn kva Vegvesenet hadde notert i brevet Haugland kunne vise fram.- Der vart det bom stopp. UP viste til 34-kilometersgrensa og sto på sitt, så då var det berre å parkere traktor og gjødselvogn. Der står ekvipasjen enno, mens eg ventar på kva Vegvesenet finn ut. Dei har sagt at eg kunne køyre, så då forventar eg at dei også finn ei løysing på saka. Håpet er at dei finn ei ordning så eg kan halde fram turen, seier Haugland. Sjølv reiste han heimatt på anna vis mens han ventar på respons frå Vegvesenet.- Planen var å legge bak meg det meste av køyringa nattestid, for å vere til minst mogeleg hinder, og ta turen over to netter, forklarer han. - Råda frå Vegvesenet om at eg kunne køyre viste seg å vere i strid med Politiet si handtering av regelverket. Difor forventar eg at Vegvesenet ordnar opp, og eg håpar dei gjer det så fort at eg får nytte av vogna i vår.

Powered by Labrador CMS