agroteknikk mann utsnitt

Stille før stormen

I morgon opnar Agroteknikk på Lillestrøm. Nesten alt som kan krype og gå av maskinfirma er på plass, og det er også Bedre Gardsdrift.

Publisert

Akkurat no er det siste finpuss som føregår, med vasking og ryddig og klargjering til det store innrykket. Rett nok er her ikkje venta like mange folk som på tyske Agritechnica. Dit kom det 350 000 besøkande. Omfanget på Agroteknikk er litt meir overkomeleg, og dessutan langt meir aktuelt for dei aller fleste av oss.

Om du tar turen, er du sjølvsagt hjarteleg velkomen til å besøke Bedre Gardsdrift i hall D. Der står vi på stand 03-15, sånn omlag midt inni hallen. Både redaktør og journalistar er på plass alle dagane, enten på standen eller ute på vandring. Har du noko du vil ta opp med oss, er det berre å ta kontakt. Her er det fritt fram for tips, spørsmål, ris og ros.

På standen vår kan du også stemme på årets sommarbilde, og på kva Agroteknikknyheit du meiner fortener publikumsprisen.

Vi snakkast!

PS: I morgon får du vite kva produkt Agroteknikkjuryen, der også Bedre Gardsdrift er representert, meiner er dei gjævaste.

Powered by Labrador CMS