bred transport lhstokstad
bred transport lhstokstad

Sei kva du meiner!

Vil du ha nye og betre reglar for køyring med breitt utstyr, må du seie ifrå no. Det er avgjerande viktig med mange og gode innspel i høyringsrunden.

Publisert

Vil vi ha levelege vilkår for brei transport i framtida, må vi seie kva vi meiner no. Foto: Lars Halvor Stokstad.

Rapporten om køyring med breie landbruksmaskiner er ute til høyring, med høyringsfrist 15. desember. Rapporten inneheld mange positive trekk, men også framlegg som vil vere særs negative om dei går gjennom. Med sakleg, brei og god argumentasjon er dette ting det går an å gjere noko med.

Mange kanalar

Dette er ei høyring der alle kan gi innspel. Direkte eller via organisasjonar og liknande. Bruk gjerne ein kanal som samordnar det som kjem inn, men dette står du fritt til å gjere som du vil.

Ein måte å få fram ditt syn på, er å ta del i debatten på gardsdrift.no. Innspel herifrå vil vi gå gjennom før Bedre Gardsdrift sender sine innspel.

Les meir lenger nede i artikkelen om kor du tar kontakt og korleis du går fram elles.

Alt skal fram

Poenget med ein høyringsrunde, er å få fram alle sider ved saka. Sjølv om det er all grunn til å gi honnør til dei som har representert landbruket i arbeidsgruppa, kan det vere fleire viktige moment som er oversett. Desse må fram i lyset, og innspela må kome frå deg som veit kor skoen trykkjer.

Treng innspel om alt

Rapporten er grundig omtalt her på gardsdrift.no. Artiklane finn du her:

- Omtale av rapporten

- Usemjene

- Positive endringar

- Her kan du laste ned heile rapporten

Geir Pollestad, no Stortingsrepresentant og før valet den av statssekretærane i Samferdsledepartementet som hadde hand om saka, gav Bedre Gardsdrift klar melding om at høyringsinnspela må innehalde både støtte til det som er bra, og innvendingar mot det som er negativt. Og sjølvsagt også innspel til ting som måtte vere utegløymde.

Medlem av NAF, NLF eller MEF?

Mange av lesarane våre er medlemmer av Norges Automobilforbund, og det finst også ein del som er medlemmer av lastebileigarforbundet eller Maskinentreprenørenes Forbund. Om du som bilist meiner noko om traktorar i trafikken, er det naturleg om du tar kontakt med NAF og seier kva du meiner om emne i rapporten. Det same om du har innspel som lastebileigar eller maskinentreprenør: Kontakt organisasjonen din, viss du har noko å melde.

Svar med det nebbet du har

Det er alltid ein fordel med velformulerte innspel, og helst også med god omtale av praktiske og økonomiske konsekvensar. Men om du ikkje er nokon racer til å skrive, eller om du ikkje heilt veit å talfeste ting, må du likevel ikkje nøle med å ta kontakt. Berre problemstillingane kjem fram i dagen, er det ikkje noko problem å få folk i Bondelaget, TLIF eller Bedre Gardsdrift til å hjelpe med å skrive eller rekne.

Sei ifrå no, eller hald kjeft

Seier ikkje du ifrå om det du meiner er viktig, kan du heller ikkje rekne med at nokon annan gjer det. Om du lar vere å gi tilbakemelding no, har du heller ingen grunn til å klage etterpå.

Gi innspel her

Norges Bondelag ynskjer innspel frå alle delar av organisasjonen. Fylkeslaga er orienterte om rapporten og høyringsrunden, og Bondelaget sentralt forventar at fylkesstyra gir sine tilbakemeldingar innan 20. november. Soknar du til eit oppegåande lokallag, er det å tilrå at du tar opp saka der, for vidaresending til fylkeslaget. Elles kan du gå beint til fylkeslaget, eller enda til sende direkte til Bondelaget sentralt. Sender du på epost, er adressa bondelaget (a) bondelaget.no.

TLIF sine medlemsbedrifter gir tilbakemeldingar direkte. Arbeider du hos eit maskinfirma, tar du kontakt med hovudkontoret ditt eller melder frå til TLIFs representant i arbeidsgruppa.

Bedre Gardsdrift bidrar gjerne til å samle inn og formidle innspel. Delta gjerne i debatten her. Alt som kjem fram vil bli grundig gjennomgått av oss. Du kan også kontakte Jogeir på jogeir (a) askmedia.no.

Bonde- og småbrukarlaget har til no, forunderleg nok, ikkje vist noko engasjement i saka. Like fullt bør også dei få innspel, om du er medlem der. Tvillinghjul, rundballepresse og skurtreskar er like aktuelt om du titulerer deg småbrukar som om du er storbonde. Epostadressa er post (a) smabrukarlaget.no

Finn meir

- lista med alle høyringsinstansane

- rapporten

- høyringsbrevet frå departementet

"