per hilleren q

Protest også frå Sogn og Fjordane

Fylkesleiar Per Hilleren i Sogn og Fjordane Bondelag krev i eit ope brev til Samferdsleministeren at ho kjem på bana og tek styring, slik at det også i framtida kan køyrast lenger enn fem kilometer med breitt utstyr.

Publisert

LESARBREV

Ope brev til Samferdsleministeren

Fem km grense for transport med traktor og reiskap over 2,55 m.

I 2008 tok Norges Bondelag initiativ til kampanjen "vis trafikkvett på traktoren" saman med traktor- og maskinimportørar si foreining. Denne kampanjen sette fokus på tryggleik med traktor langs veg. Vegdirektoratet kravde å få inn ein tekst der det vart presisert at definisjonen av kortare avstand i regelverket er 5 km.

Om Vegdirektoratet sin definisjon av kortare avstand framleis skal vere fem km for transport på offentleg veg for traktor og reiskap med breidde over 2,55 m vil det få store konsekvensar for landbruket. For transport over fem km med traktor og reiskap med breidde over 2,55 m må det då brukast spesialtransport. Det som byråkratane i Vegdirektoratet i realiteten her er med på å gjere, er å setje krokfot på ei heil næring om denne grensa vert ståande. Regelverket som ligg til grunn for køyring med traktor på offentleg veg er utarbeidt for eit landbruk som me hadde for 20-30 år tilbake.

Norsk landbruk har i deg langt færre aktive bruk enn det var når dette regelverket vart utarbeidd. I tråd med ynskt politikk frå styresmaktene er driftseiningane i landbruket vortne større med spreidd areal over eit stort område, som skal haustast i ei kort og hektisk tid. Dette er med på å gjere til at det er trong for ei rasjonell drift som krev større og meir effektive maskiner. Alt dette føre til at landbruket må køyre meir, og lenger, etter offentleg veg. Om fem km grensa vert innført vil det føre med seg så store driftsulemper for den enkelte bonde, at takten i avviklinga av Norsk landbruk vil auke. Denne grensa er det heilt meiningslaust å innføre. Vi minner om at km grensa for å inngå samdrift er på 17 km, så kvar er logikken og kor er det vorte av det sunne bondevete? Sogn og Fjordane Bondelag krev at Samferdselsministeren kjem på bana og tek styring, for å få på plass eit regelverk som gjer at det framleis kan gå an å drive transport i norsk landbruk på ein lovleg måte også utover 5 km.

Per Hilleren Fylkesleiar Sogn og Fjordane Bondelag

Powered by Labrador CMS