Norsk matvareproduksjon i en globalisert verden
Rolf-Daniel Midtun har gjort seg noen tanker omkring opprettholdelsen av norsk matvareproduksjon i en globalisert verden.
Oppretthalding av norsk matvareproduksjon i ein globalisert verden, ein naudsynt global politikk.
Av: Rolf-Daniel Midtun
I dag går antal yrkesaktive bønder i Noreg, og verda elles, ned. I 2002 utgjorde bøndene 42% av verdas samla yrkesaktive, i 2010 vil bøndene i følgje prognosar av FAO, utgjere 38 %. (2) På same tid veit vi at befolkningsveksten er større enn veksten i jordbruksland som blir drive. Verdas kornareal er no på 1.05 dekar. Viss utviklinga med hensyn til folketalsvekst og stagnasjonen av jordbrukareal i drift held fram globalt, vil verdas kornareal i 2010 svare til 0,8 dekar pr. innbyggjar. I tillegg til at kornarealet pr. innbyggjar i verda skrumpa inn, står ein globalt ovanfor ei rekke utfordringar som vil påverke den totale matvareproduksjonen i verda. Mellom anna difor meiner eg det er viktig at ein opprettheld ein jordbruksproduksjon av betyding og i Noreg.
Vi veit til dømes at jordbruket mange stader tappar grunnvassbasseng for å vatne enorme areal (noko som og fører til ei forsuring av jordsmonnet) kor det frå før er prekær vassmangel. Vi veit at jorbruket mange stader driv ein overbeskatning av jordressursar som fører til auka erosjon og forørking, og dermed tap av matjord. Vi veit at den auka kontakta mellom land og handel med levande dyr og andre matvarer fører til auka overføringar/vidareføringar av skadeorganismar og sjukdomar. Når det er kjent at dette er ein realitet, skjønar ein nok også, bevisst eller ubevisst, at ein livsnaudsynt matvarehandel/matvarekamp på ein stor og usikker verdsmarknad kor det er venta ein mangel på jordbruksprodukt, er ein sers usikker måte å brødfø ein nasjon på i framtida.
Spørsmålet om ein politisk føring her i landet som fører til auka grad av global konkuranse om matvarer og svekka vern av den norske matvareprodusenten, er samfunnsøkonomisk teneleg i framtida eller ikkje, er eit vanskeleg spørsmål med mange svar. Vi veit at bøndene i Noreg får fleire milliardar i statsstøtte, men det er verre å finne ein pris i kroner og ører på kva vi som forbrukarar og innbyggjarar i Noreg har igjen for denne subsidieringa og trygginga av matvareproduksjonen i Noreg. Først i ettertid kan ein fastslå kva ringverknader eit gardsbruk fører med seg, til dømes når det gjeld flyttestraumen frå distrikta til byen. Og i motsetnad til tidlegare i historien kor folket igjen måtte søke vekk frå byane og ut i distrikta grunna befolkningsvekst for mellom anna å dyrke mat, er det jo i dag «berre» å importere meir frå den store globale marknaden for å dekkje behovet, så lenge det er tilgang på matvarer der so klart.
Kvifor globaliseringa har utvikla seg slik, og fortsatt er i utvikling, kan ein i utifrå Scholte sine teoriar, sjå utifrå desse ulike årsaksforholda:
1. Visse endringar i den kapitalistiske utviklinga,
2. Tilretteleggande reguleringar frå styresmaktene,
Sett utifrå eit produksjons- og landbruksmessig standpunkt, er det særleg punkt 1 og 2 til Scholte som er interesante. Den kapitalistiske utviklinga har gått i trendar mot eit stadig veksande marked, ikkje berre lokalt og nasjonalt, men også globalt. Den kapitalistiske gevinsten med å kunne operere på ein stor global marknad er bl.a. at ein kan ha «råd» til at ein ikkje tenar pengar enkelte stadar på marknaden, sidan ein får ei stort overskot i andre delar av marknaden.
Eit anna aspekt er det Scholte kallar «global sourcing». I det ligg det at for verksemdene har globaliseringa i større grad gjort det mogeleg å forflytte produksjonen ut av såkalla «høgkost» land, som t.d. Noreg, og inn i såkalla «lavkost» land, som t.d. Polen. Der kan verksemdene produsere akkurat den same vara, til lågare pris, men samtidig vere i stand til å kunne selje vara til akkurat same pris på vedsmarknaden som før dei flytta produksjonen. Det gjer dei ein mogelegheit til å redusere kostnadane, samtidig som den prisen dei hentar ut for den gitte vara er lik. Slik kan det fungere for industrien, men ikkje for jordbruket i Noreg. Kvifor er det slik?
For matvareprodusentane i Noreg fører den auka globaliseringa, f.eks. Igjennom wto (1948-1994, GATT), til ein akkurat motsett verknad. Ein står som produsent av jorbruksvarer i eit «høgkost» land, men matvareprodusentar i Noreg må i stadig større grad selje varer i konkuranse med varer som kjem frå «lavkost» land.
I dag har vi i Noreg reguleringar frå styresmaktene som legg til rette for matvareproduksjon i Noreg igjennom statelege overføringar og tollmur mot utandlanske matvarer. Men desse reguleringane møter stadig tøffare motstand, nasjonalt og globalt. Dette ser vi klare døme på akkurat no, kor det er brudd i forhandlingane mellom medlemslanda i wto, og det er usikkert når, og om, forhandlingane blir tekne oppatt. I tilegg høyrer ein stadige tordentalar frå enkelte av opposisjonspartia på stortinget som vil at matvareprodusentane i Noreg skal få «lov» til å kunne konkurere på verdsmarknaden for å få del i den gevinsten dei meinar det medfører. Men det medfører og serleg eit problem som og må nemnast, nemleg at dei høge produksjonskostnadane i Noreg er med på å marginalisere det forventa overskotet ytterlegare, i forhald til den prisen prisen ein kan hente ut på ein verdsmarknad høve til den vi har i Noreg.
Noreg, eit land med matvareproduksjonsmessige utfordringar.
Det er mange som hevdar at Noreg ikkje er eit land som høver til jorbruksproduksjon. Bak den påstanden ligg fleire argument. Vi har lange vintrar som fører til sein vår og at ein berre kan hauste ein eller to grasavlingar (tre på Jæren), i motsetning til land lenger sør som haustar opptil fem-seks gras-avlingar pr. år. Det medfører at vi i Noreg må ha eit større areal pr. dyr i buskapen for å få nok for til vinteren. Vi har i Noreg mange stader topografi som høver meir til skihopping enn til jordbruksdrift, samstundes som ein gard har innmark som ofte består av fleire små- og spreidde jordstykker, fører det til ein i liten grad effektiv produksjon. I tillegg til dette, må vi og ta hensyn til det kalde klimaet når ein skal byggje nye driftsbygningar, noko som medfører store ekstra kostnader sett i forhald til ein matvareprodusent i t.d. Sentral Europa kor dei set opp svert enkle driftsbygningar og har elles eit system kor kyrene går ute store delar av året.
Men matprodusentar i Noreg har fordelar og. Vi har eit godt grunnlag jordmessig som legg til rette for å kunne hente ut større avlingar enn globalt. Vi har lange vintrar som fører til mindre grad av skadedyr og sjukdomar i jordbruksvekstane. Vi har god tilgang på vatn igjennom heile vekstsesongen. Den store avstanden mellom driftseiningar er ein foredel med tanke på speiing av husdyrsjukdomar. Dessutan er jordsmonnet stabilt. Vi har sett igang tiltak som fører til lite erosjon av jord som følgje av vind og spesielt vatn. Men desse positive elementa til tross, er det den urokkelege topografien som står i vegen for ei effektivisering og industriliknande drift i like stor grad som vi ser globalt.
Som følgje av lavare tilskudd og prisar må ein ha eit større volum for å vege opp inntektsnedgangen. Gjennomsnittleg årskyr i Noreg er på 18,6 kyr (5). 100 kyr er ikkje på nokon måte spesielt mykje i ein global samanheng, kor ein mjølkebonde med eit firesifra tal mjølkekyr er langt ifrå uvanleg. For dei som har sett dette med eigne auge, tenkjer nok når ein ser på den enorme «fjøsen» og utover dei uendelege jordstykka, at på effektivitet kan vi ikkje konkurere. Dei har eit klima som gjer dei i stand til å sjølve kunne produsere alle dei fòrmidla som i grove trekk er nausynte til å dekkje energibehovet til mjølkekyr. Summen av dette er lett å tenkje seg til. Ein har, i ein norsk samanheng, lave byggekostnadar, lave utgifter på kjøpt fòr, tidsmessig lave utgifte på eigeprodusert fòr, men ein mykje høgare sum av selde einingar. Som følgje av at kapitalkostnadane er ein brøkdel av den norske samstundes som arbeidsinnsatsen eks. pr. Liter mjølk er lavare, blir økonomien grei vis ein har eit stort nok kvantum.
Ein har og i Noreg prøvd å kostnadseffektivisere, med det ein kan kalle mindre hell med tanke på økonomien. Det viser seg i praksis at mange ikkje klarar å forsvare investeringane den auka effektiviseringa krev innan produksjonen, dei lyt hente inntekt utanfor bruket. Dette viser at det ikkje er grunnlag for noko agro-industri i Noreg, ganske enkelt fordi ein ikkje kan klare å oppnå same fordelane som bønder ute i Europa har, uansett kor mange ein slår seg i hop, nettopp fordi ein sjølvstendig bonde i Tyskland klarer å produsere fleire selde einingar billegare enn ein sjølvstendig bonde i Noreg. Dei har i tråd med reguleringar frå staten prøvd å effektivisere drifta for å i større grad bli kostnadseffektive og konkuransedyktige i høve til den stadig auka graden av produkt på den norske marknaden som er produsert i den globale agro-industrien, for å oppnå såkalla «stordriftsfordelar». Men topografien står i vegen her i Noreg for at matvareproduksjonen kan bli konkuransedyktig og i stor nok grad kostnadsbesparande når det gjeld den dagelege drifta i høve til den globale agro-industrien ein skal konkurrere mot.
Kva skal vi gjere med norsk matvareproduksjon?
Med tanke på den dårlege konkuranseevna til norske bønder har samanlikna med bøndene som konkurerar på verdsmarkedet, har vi her i landet desse moglegheitene til å skaffe befolkinga mat:
- Vi kan satse på å importere all naudsynt mat frå andre land globalt. Men denne løysinga føreset jo at dei frå før har, og i framtida kjem til å få, tilstrekkeleg med mat. Men når prognosane er slik dei er i dag, med utsikter til stadig større grad av underdekning av mat framover i all overskueleg framtid globalt, vil dette vere ei dårleg og usikker løysing.
- Vi kan gjere norsk landbruk om til å bli konkuransedyktig på verdsmarknaden. Den teorien finns, som eg tidlegare har vore inne på, ikkje i realiteten, grunna topografiske og klimatiske forutsetningar.
- Vi kan føre ein landbrukspolitikk som er tilpassa godt og som veg opp eller kompenserer for dei ulempene vi her i Noreg må produsere mat under. Det vere seg brattlendte bruk, strok som er utsette for isbrann osv.
Viss vi samanlikna alternativ tre med dei tyngste aktørane på verdsmarkedet, vil det vere ein lite effektiv og kostbar løysing. Men vis vi i staden brukar eit meir globalt perspektiv, ser ein at det elles i verda og må dyrkast mat på områder som er vel so dårleg eigna som i Noreg. Det må det nettopp for å sikre ein stor nok matvareproduksjon til å halde tritt med den voksande befolkinga globalt. I 2050 viser prognosar utarbeidd for FAO, at det vil bu tre milliardar fleire menneske på jorda enn i dag. Konsekvensen av folkeveksten er at vi globalt må produsere 60 % meir mat.(6) Då kan ein spørje seg om det er etisk forsvarleg, med tanke på global matvaresikkerheit, å byggje ned ein matvareproduksjon i Noreg, eller kva som helst anna land, når vi då samtidig seier at vi må ut på verdsmarknaden for å konkurere om mat med eks. U-land.
Trendar som følgje av globaliseringa.
Den naudsynte auken i matvareproduksjonen møter nokre globale utfordringar. Den sterke økonomiske veksten globalt gjer utslag i blant anna at folk endrar matvanane sine. Ei blir som forbrukar i stadig aukande grad bli i stand til å kjøpe dyrare matvarer, som kjøt. I tilegg til endring av matvanar, går det og i ein trend av at det i stadig større grad blir tatt i bruk jordbruksland som kunne vore brukt til mat, til å i staden produsere biodrivstoff. Som døme planlegg USA å bruke 30 % av maisproduksjonen, som beslaglegg betydelege areal, til drivstoff i form av bioetanol. Dette illustrerar og litt kor usikkert det er å belage seg på å sikre matvaregrunnlaget frå ein verdsmarknad kor kapitalismen styrer. Dette illustrerar og noko av det negative med framveksten av overnasjonale selskap. Dei vil alltid stimulere til ein produksjon av varer det er stor etterspurnad etter globalt, og då serleg i den kapitalsterke delane av verda. Vis vesten i stadig aukande grad etterspør biobrensel, vil dei vere betre i stand til å kunne betale for denne vara, enn u-land som manglar mat. So kan enkelte seie at det aldri kjem til å gå so langt, men det desverre allerede ein realitet. Akkurat no reknar FAO med at det svelt 854 millionar mennesker, samtidig veit vi at USA planlegg å bruke 30 % av maisproduksjonen til biodrivstoff.
Det er jo klart at vis bøndene hadde fått like godt betalt for å produsere mat som dei no får, mykje takka vere subsidiar frå staten, for å produsere biodrivstoff, ville dei jo ha gjort det.
Matvareproduksjon i Noreg, eit hinder for vekst i u-land?
Nokre kritiske røyster til ein framtidig norsk matvareproduksjon framheva og U-land problematikken som eit argument til å redusere beskyttelsen som norske bønder har mot billige matvarer i enkelte segment, som kjøtt. Dei meiner at bøndene i såkalla Mul land, eller dei minst utvikla landa, skal kunne ha tilgang til å kunne selje sine produkt på ein norsk marknad for å få i gang ein infrastruktur i heimlandet. Det det verkar som dei gløymer, er at dette allerede er ein realitet. Bøndene frå alle Mul land kan eksportere so mykje det er ønskje om inn i Noreg, grunna total fritak frå toll. Men det som viser seg i praksis er at det ikkje er nok å fjerne toll. Varene innfrir ikkje krava t.d. Mattilsynet har for å i det heile kunne selgje varene i Noreg. Blant anna på grunn av kvalitetsproblem, og eit ønske om auka effektivitet, har Noreg i samarbeid med lokale innbyggjarar og bønder starta oppbyggjing av slakteri lokale som skal sikre kvalitet, samstundes som det i større grad skal gjere det mogeleg å ta imot større mengder enn det er pr. I dag. Dette er berre eit lite steg på ein lang veg. Å kunne eksportere varer og handle med andre land, er nok ein vesentleg byggjestein og eit langt steg mot økonomisk framgang. Det er nok og i denne samanhengen viktig å nemne at det ikkje berre er kva land ein handla med som er viktig, men og kva handelskanalar ein nyttar.
Største delen av oss som bur i eit velstandsland som eks. Noreg, treng aldri i nokon serleg grad vere redd for å svelte. Når det i større grad blir mangel på matvarer, stig prisen i takt med etterspørselen. Det fører til at det er dei rikaste landa i verda som blir i stand til å kunne konkurere om matvarene, som forbrukarane i Noreg, ikkje fattigare forbrukarar i U-land. Men vi må nok belage oss på å måtte betale meir for maten igjen, slik situasjonen har vore før. I 1958 gjekk 40% av ein familie sitt forbruk i Noreg til mat, i dag ligg ein norsk familie sitt forbruk på mat på rundt knappe 10 %, så det har vi nok råd til, sjølv om vi til no i år «berre» har bestilt 1.3 mill pakketurar til utlandet. Merkeleg det, at det første vi ikkje vil ta oss råd til å betale meirpris for, er den mest naudsynte ting av alle, mat.
Ut i fra ein global tanke om den handlinga vi gjer ein stad i verda påverka andre, andre stader i verda, bør vi oppretthalde ein matvareproduksjon og i Noreg. Tida med lave matvareprisar er nok over, så då spørst det kven som kjem ut av det med best samvit i framtida. Dei som mange oppfattar som egoistar, som kjempar for å oppretthalde prisar på landbruksprodukt i butikkane i dag, som ei sikring av matvareproduskjon i Noreg og i framtida, eller dei som kjempar for frie markedskrefter, «like» kår for alle og medfølgande nedbygging av landbruket i Noreg og dermed ein svekka matvareproduksjon globalt. Til slutt, eit tankevekkande sitat henta fra ei bok tidlegare Fylkesmann Ingolf Elster Christensen og bror hans Hjalmar Christensen gav ut i 1916; «Fædrelandet i verdenskrigens lys». Der står det treffande: «Det er smaat med suveræniteten i det land, som ikke er selvhjulpen»
Rolf-Daniel Midtun