Navarsete TRAKTOR

Navarsete: - Nei til følgebil

Vi må ha reglar som er mogeleg å følgje, seier Liv Signe Navarsete til Bedre Gardsdrift, og avviser med det framlegget om følgjebil for all køyring med landbruksutstyr breiare enn 3,0 meter.

Publisert

Nytteverdien av nye reglar må målast mot kostnaden, seie Liv Signe Navarsete.

- Forslaget om følgjebil vil ikkje bli gjennomført så lenge eg styrer. Vi må ha reglar som er til å leve med, og som er slik at vi kan følgje dei. Følgjebilkravet vil ha alt for store konsekvensar for landbruket, utan at eg kan sjå at nytteverdien forsvarer ulempene, fastslår Liv Signe Navarsete (Sp).

- God rapport

Ut over dette vil verken ministeren eller statssekretær Geir Pollestad kome med konkrete synspunkt på dei emna det er usemje om i breidde-rapporten.

– Vi har fått ein god rapport der det er peika på mange viktige moment. Det er positivt at behovet for meir informasjon om regelverket er tatt opp, og vi er glade for det samstemte kravet til merking av breitt utstyr, nemner Pollestad.

Både han og Navarsete framhevar at dagens politiske leiing av samferdsledepartementet ikkje vil innføre tiltak som fører med seg urimeleg høge kostnader i høve til nytteverdien.

– Vi må få understreke at samferdsledepartementet har vore representert med administrativt tilsette i gruppa. Det ligg såleis ikkje politiske føringar bak standpunkta frå departementsrepresentantane i gruppa, seier Geir Pollestad.

Trafikksikkerheit og naturleg drift

Det er to moment som må leggjast avgjerande vekt på, seier dei to: Omsynet til trafikktryggleiken, og omsynet til at det skal vere mogeleg å drive landbruk med høvelege maskiner i framtida.

– Eit nytt regelverk må vere robust og framtidsretta, og enkelt å forholde seg til, og mogeleg å handheve, seier Pollestad.

Glad for fjerning av km-grense

Statsråden og statssekretæren er godt nøgde med at det ikkje ligg inne noko avstandsgrense i rapporten.

Ei avstandsgrense er ikkje rette måten å regulere køyring med breie maskiner, seier Geir Pollestad (t.hh.). Her saman med landbruksminister Lars Peder Brekk etter Bedre Gardsdrifts møte med dei to i januar.

– Femkilometersgrensa vi har sett blitt praktisert var ikkje god, og den hadde ikkje nokon logisk funksjon. Den mellombelse 34-kilometersgrensa er heller ikkje noko vi eigentleg ynskjer, men den var ein måte vi kunne klare å få til ei mellombels ordning på i vår.

Viktig høyringsrunde

– No skal rapporten på høyring på vanleg vis. Der er det viktig at vi får innspel på alle moment som er nemnde i rapporten, både det folk meiner er bra, og det folk meiner er dårleg. Det er viktig at standpunkta er grunngitt, nemner Pollestad.

Høyringsfristen er 15. desember, etter normal høyringstid. Alle kan gi innspel til høyringa, sjølv om det er mest vanleg å ta opp sine meiningar gjennom interesseorganisasjonar.

Nytt regelverk før våronna?

Etter høyringa skal rapporten behandlast politisk, for deretter å ende opp med ei forskriftsendring.

– Eg håpar dette kan vere klart før våronna. Kanskje ikkje våronna på Jæren, men i alle fall før våronna i innlandet, smiler jærbuen Pollestad. Han lovar at i alle fall sitjande regjering vil arbeide grundig med rapporten.

Mellombels ordning gjeld

Fram til ny forskrift er på plass, gjeld den mellombelse ordninga som gir deg lov å køyre inntil 34 km om gongen med utstyr mellom 2,55 og 3,5 meter.

- Avgjerande kven som styrer

– Det er viktig at dei som sit i samferdsledepartementet har like god greie på traktor som på trikk, understrekar senterpartisten Geir Pollestad. – Den runden vi har hatt no, viser at vi har hatt vilje til å lytte, og evne til å ta tak i problema vi får kjennskap til.

Har lært om landbruket

- Noko av det viktige for oss med denne runden, er at vi har fått innsyn i korleis landbruket fungerer i dag, kva behov som finst og kva hindringar som ligg der. Vi har knytt kontaktar, og fått oppdatert kunnskap om den nye tida. Dette vil vi ha nytte av også i framtida, seier Geir Pollestad til Bedre Gardsdrift. - Vi er i gang med å oppgradere regelverket for landbruket, men der er fleire emne å ta tak i.

Les også

Bedre Gardsdrift med foredrag om trafikkreglar på Agroteknikk

"

Relaterte artikler

    Powered by Labrador CMS