østerbø beitepusser krattknuser.jpg

Motorisert geit

Østerbø Maskin lanserer ein beitepussar for areal der traktoren kjem til kort. Maskina er bygd opp av ein tohjulstraktor med frontmontert 60 cm brei krattknusar med Y-knivar, og kostar knappe 32 000 kroner.

Publisert

Med andre ord får du ei maskin med eigen motor til ukurant terreng for same pris som dei minste traktormonterte beitepussarane.

Etterspørsel avgjorde

Motoren er ein 6,5 hk bensindriven Honda. Girkassen har to gir framover og eitt bakover, pluss kraftuttak. For å lette køyringa, er her såkalla styrekoplingar. Det betyr at når du vil svinge til ei side, registrerer maskina at du vrir på styret, og koplar ut drifta på eine hjulet. Du kan skråstille det vibrasjonsdempa styrehandtaket. Slepper du styret, bremsar hjul og rotor automatisk.

– Vi har hatt ein del etterspurnad etter noko slikt. Då vi kom over den på ei messe i Italia i fjor, bestemte vi oss for å prøve. Sjølv har eg 50 års erfaring med slått med tohjulstraktor i bratt lende, og med å reparere på slike maskiner. Eg tykkjer denne ser bra ut, med ein enkel og godt gjennomtenkt konstruksjon, og den er lett å køyre, fortel dagleg leiar Arne Olav Østerbø.

Knuser gras

Sjølve pussaren har Y-knivar av same slag som på traktormontert utstyr. Den kan ikkje bytast ut med annan reiskap. Drifta skjer ved at ein aksling går ut til høgre frå girkassen. Derifrå er rotoren driven med reimdrift.

Pussaren knuser gras, lyng og kratt, og klarer småskog opp til eit par centimeters diameter. Til skilnad frå geita held den seg på bakken, utan å klatre oppetter trestammane.

Østerbø Maskin held til i Bjordal på sørsida av Sognefjorden, og har eit breitt utval av utstyr mot landbruk og industri.

Powered by Labrador CMS