reg-ill09

MF tar sats...

... mens A-K er største importør framom Eik. Marknaden er stadig to tredelar av kva den var i fjor, og for første gong på lang tid er siste 12 månader under 3000 traktorar.

Publisert

Massey Ferguson er klart største merke i august, framom CaseIH og New Holland på delt august-andreplass. Med det går MF forbi New Holland att, og sikrar seg andreplassen så langt i år med ti traktorar i margin. New Holland viser i august ein liten svikt i formkurva, men A-K tar grundig att med CaseIHs beste månad i marknadsandel på uminnelege tider. A-K maskiner er dermed godt plasserte som Norges største traktorimportør, framom Eik, så langt i år. Men har A-K ambisjonar om å slå Eik også med sitt fremste traktormerke, må dei gi gass. Ser vi på statistikken for siste 12 månader, har Massey Ferguson stadig eit godt forsprang på New Holland. Det skuldast først og fremst at MFs styrke er langspurten på slutten av året.

Stadig nedgang for alle Pila har enno ikkje snudd oppatt for totalmarknaden. August i år er 95 traktorar svakare enn august for eitt år sidan, og ser vi på statistikken for siste 12 månader er tendensen enda tydelegare. For første gong sidan vi starta med 12-månadersstatistikk er totalsummen under 3000 traktorar. For å illustrere med eit anna tal: Gjennomsnittet siste 12 månader er 245 traktorar pr. månad. I 2007 var ein gjennomsnittsmånad 100 traktorar høgare. No skal vi ikkje syte og klage for mykje, for som vi ofte har sagt: Traktormarknaden går i syklusar, og no er tida inne for ein nedtur. Det uvante er at nedoverbakken er så bratt. Det interessante er å sjå kven som taklar å gå nedover utan å snuble.

Hardt å vere grøn-gul John Deere og Felleskjøpet har verkeleg tunge dagar. For eitt år sidan hadde dei 75 traktorar på auguststatistikken. No har dei 23. Marknadsandelen er ned med heile fire prosentpoeng. Siste 12 månader har John Deere registrert 660 traktorar. Det er 337 færre enn dei føregåande 12 månadane.

Hardt å vere finskDen som er nærast å måle seg med John Deere i stygge tal, er Valtra. 150 traktorar svakare så langt i år målt mot same tid i fjor, gir same tilbakegang i prosent som for John Deere. Fallet i marknadsandel er 2,2 prosentpoeng, mot John Deeres 4,0. Likevel, tar vi for oss siste 12 månader er tilbakegangen meir moderat.

Eitt lyspunkt Held vi oss til merke med større årlege leveransar enn kva du tel på fingrane, finn vi berre eitt merke som går i pluss. JCB leverte så langt i fjor 11 traktorar. I år er talet 14. I år er ein framgang på tre traktorar heilt unikt. Samtlege merke høgare oppe på lista går i minus på tal traktorar. Dette er godt gjort, for mange i JCB-målgruppa er nok meir prega av finanskrisa enn landbruket.

Powered by Labrador CMS