reg-ill09

Mai for halv maskin

Er det den langdryge våronna, eller ymse kriser som råkar traktorbransjen så hardt i mai? Registreringstala er nøyaktig halverte frå i fjor. Særleg John Deere, MF, Valtra og McCormick merkar motgangen.

Publisert

Slik tilstanden er nett no, må vi leite lenge før vi finn nokon med fleire registrerte traktorar så langt i år, målt mot fjoråret. Alle dei ti første på lista går tilbake på tal traktorar, med Fendt, Deutz-Fahr og New Holland med minst tap. Først på 11.-plass finn vi eit traktormerke som går i pluss, og den prestasjonen er utført av JCB: Ni traktorar så langt i år, mot sju på same tid i fjor.

Skadeskoten hjortMinus 3,3 prosent marknadsandel, det er verste talet på lista. Og minus 149 traktorar, det er heilt i ein eigen klasse. Mykje tyder på at statusen som aldeles suveren på toppen har endra seg til ein situasjon der John Deere og Felleskjøpet må jobbe hardare for å berge førsteplassen. Enno er Deere i tet med god margin siste 12 månader, men tilbakegangen for dei gul-grøne er vesentleg større enn for totalmarknaden, og slik har det vore ei heil tid no.

Agco i motvindHeller ikkje Massey Ferguson eller Valtra har noko å feire. Klarer dei ikkje å stoppe utviklinga, kan vi neste månad lese at begge er over 100 traktorar dårlegare enn fjoråret. Det er mykje: MF er tilbake frå nesten 300 til drygt 200 traktorar første fem månader. Valtra rasar med 37 prosent frå 227. På den tida Valtra fekk registrert fem traktorar i fjor, klarer dei i år berre tre. Etter John Deere er Valtra det merket som fell mest i marknadsandel.

McCormick går tungtFjerde verst på tilbakegangen i talet registrerte traktorar, er McCormick. Dette seier sitt: Til no i år 35 nyregistrerte. Tilbake 31.

New Holland står`an av Av dei store merka er det eitt som utmerkar seg positivt: New Holland er ferdig med å tape, og taklar no dårlege tider langt betre enn konkurrentane. Pluss 4,5 prosentpoeng i marknadsandel, det er tal vi vil tru nokon jublar for. New Holland har verkeleg distansert seg frå Valtra, og MF må kjempe om ikkje andreplassen på statistikken skal bli blå i år.

Femteplass-kampen Veksten vi såg sist haust og vinter på CaseIH ser ut til å vere eit blaff, som slokna i februar. No er A-Ks andre merke i tett kamp med Fendt og Claas. Alle tre har 58 eller 59 registrerte traktorar etter fem månader, og utviklinga siste tida tyder på at raudt blir under grønt. Alle desse tre klarer forresten å auke marknadsandelen i ein fallande marknad.

HCPDeutz-Fahr er heller ikkje langt unna å klare å halde stand, mens Zetor og Lamborghini er tilbake meir enn totalmarknaden.

Totalt: Inga kriseNorske traktorkundar har tydelegvis ingen ambisjonar om å stogge finanskrisa åleine. Ein tilbakegang frå i fjor til i år på over 26 prosent er ganske mykje. Samstundes skal vi merke oss at siste 12 månader er det stadig registrert over 3200 nye traktorar. Kvart av dei fire første åra dette årtusenet var lågare enn dei 12 siste månadane no. Den gongen var det ingen som snakka om finanskrise. Tvert imot er det kan hende dei siste fem åra vi har bak oss som er unormalt gode.

Powered by Labrador CMS