df xxl1q.jpg

Langt og smalt beist

Til årets Agritechnica er det Deutz-Fahr som viser fram den særaste prototypen på diger traktor. Heilt ukjent er den likevel ikkje. Her går røtene tilbake til DTU.

Publisert

Åtte hjul for stor trekkraft med moderat breidde, men lengda er nær ni meter.

For å seie det som det er, dette er ein DTU (Deutsche Traktoren Union), som tydelegvis Deutz-Fahr har overtatt utviklinga av. Traktoren er kjent for trufaste lesarar frå før, og den førre artikkelen vår om stortraktoren finn du her.

V8

Brei nase

Deutz-Fahr har døypt traktoren AgroXXL 1630. Det store panseret har si forklaring i ein Deutz V8-motor på 15,9 liter, med 600 hk og 2800 Nm mellom 1300 og 150 o/min. V8-motor er ikkje heilt nytt i rammestyrte traktorar. John Deere har hatt det i ein avsine amerikanske for ein del år sidan. I alle tilfelle er det jo kult, og det er jo ikkje heilt kvardagsleg med to eksosrør i landbruket.

Dieseltanken er ikkje meir enn 1200 liter, altså ikkje stort meir enn gardstanken heime.

40 km/h

Transmisjonen er ein klassisk powershift på 18/6. Traktoren gjer 40 km/h på redusert motorturtal.

Vitale mål

Utstyrt med 600/70R30-dekk er traktoren berre 2,85 meter brei. I fleire land i Europa er det difor mogeleg å gå enda høgare opp på dekkbreidde og likevel få køyre på vegen. Lengda er 8,91 meter, mens eigenvekta er så vidt under 20 tonn. Tillatt totalvekt er 32 tonn.

Kvifor åtte hjul?

Enn så lenge er det ein prototyp, mest for marknader i austlege delar av Europa.

Poenget med fire sett boggi i staden for fire hjul, er at du får stor bæreflate utan å få stor breidde. Dette har to formål: Redusert jordpakking og evne til å få overført tilgjengeleg effekt til bakken. Grensa for å kunne utnytte ein firehjulstraktor til trekkarbeid ligg ein plass kring 400 hk, fordi dekka då avgrensar effektoverføringa.

Powered by Labrador CMS