kjetting på traktorhjul trygg fast-trac 07

Kjenner du kjettingkravet?

Neppe, og i landbruket er dette meiningslaust: Frå 1. november til måndag etter påske skal du alltid ha med eit par kjettingar til bakhjula, ein til styrande hjul og eit par til tilhengaren.

Publisert

Skal ha med kjetting om vinteren, basta!

Kravet gjeld all køyring på offentleg veg i vinterhalvåret. Dette er eit av dei mange emna Bedre Gardsdrift tok opp med Samferdsleminister Liv Signe Navarsete i januar, og det står på lista over reglar vi har bede om ei opprydding i. Vi skreiv også om kjettingkravet for drygt to år sidan, men ingenting er endra sidan den gongen. Navarsete svarte konkret om denne regelen at ho ikkje var kjent med den før Bedre Gardsdrift tok kontakt.

Bøtlagt på berr asfalt 

No har det altså skjedd igjen: Tidleg sist veke fekk vi telefon om at Rune Aunemo frå Fannrem i Sør-Trøndelag var bøtlagt for ikkje å ha med seg kjetting for tilhengaren. Aunemo kom med sin Fendt 716 med ein Orkel T140 på tørr asfalt. Han svinga inn på ein rutinekontroll for vogntog, som han passerte utan andre merknader. Bota for manglande kjetting til hengaren er på kr 500. Aunemo er dermed nok eit offer for tilfeldig praktisering av delvis sovande reglar som knapt nokon kjenner til at dei skal følgje.

Absolutt krav

Ut frå teksten i Forskrift om bruk av kjøretøy har kontrolløren heilt rett. Kravet om å ha med kjetting gjeld, utan unntak, for køyrety konstruert for fart over 30 km/h og med tillatt totalvekt over 3500 kg. Kjettingkravet gjeld frå 1. november til og med første måndag etter 2. påskedag, og i dei tre nordlegaste fylka i perioden frå og med 16. oktober til og med 30. april. I tillegg skal kjetting alltid vere med utanom desse tidene, om du ventar at du kan kome ut for snø- eller isdekt veg.

Tre pluss to kjettingar 

Motorvogn, i dette tilfellet traktor, skal i nemnde periode alltid ha med minst tre kjettingar. Av desse er ein til styrande hjul, og dermed dei to andre bak.Køyrer du tilhengar, NB: konstruert for over 30 km/h, er det krav om at du har med to kjettingar til denne og. Sjeldan ser vi forskrifter som er så klare og konkrete som dette.

Neppe meint for traktor

Ganske ulike eigenskapar, eigentleg.

Kravet kjem i tillegg til det generelle kravet om at du alltid skal vere skodd etter forholda. Bedre Gardsdrift meiner at dette kravet er nok når vi snakkar om traktor.Vi trur faktisk at lovgivar har prøvd å gjere unntak for traktor då forskrifta vart skriven i 1990, for i innleiinga til den aktuelle paragrafen er det presisert at "For motorvogn som har hjul og er konstruert for fart over 30 km/t, gjelder følgende: (...)" Det er rimeleg grunn til å tru at det i arbeidet med forskrifta ikkje var tenkt på at storparten av nye traktorar frå litt utpå 90-talet ville gå over 30 km/h, og at krava tenkt for bil dermed automatisk blir gjeldande for traktor.

Hengaren kan vere unntatt

Fleirtalet av traktortilhengarar her i landet er konstruert for 30 km/h, og dermed unntatt frå kjettingkravet. Typegodkjenningsreglane som opnar for 40 km/h for vanlege landbrukstilhengarar kom 1. juli 2005. Etter den tid er det registrert grovt rekna 8000 nye tilhengarar her i landet.

Traktoren er ingen bil 

Ein lastebil som køyrer frå Bergen til Bodø i november risikerer å kome ut for langt meir vekslande føre enn ein traktor som sjeldan kryssar kommunegrensa. Vi tør påstå at nær 100 prosent av alle traktorar normalt ferdast så nær basen sin at du kan oppbevare kjettingar i reiskapshuset, og legge på når føreforholda tilseier dette, utan at det fører til fare i trafikken. Bedre Gardsdrift forventar at dette er av reglane som blir endra i framtida.

Powered by Labrador CMS