reg-stat-ill

John Deere vinn trass tap

Traktormarknaden er tilbake med 480. John Deere, Massey Ferguson og New Holland tar mesteparten av tilbakegangen. CaseIH er tilbake på femteplass, og Deutz-Fahr er mest fram.

Publisert

John Deere taper stort i tal traktorar, med ein tilbakegang på 130 stk. Likevel klarer merket å halde marknadsandelen så godt som stabil, med 25,1 prosent mot 25,3 i 2007. Det betyr at marknadsleiaren når året er omme har klart å halde posisjonen, og strengt tatt berre gått tilbake likt med totalmarknaden.

MF går på ein smellSom vanleg er Massey Ferguson merket med flest nyregistrerte i desember. Det monnar lite. I 2007 fekk MF registrert 140 nye i desember, mens førre månad enda på 83. Dermed ryk den raude franskmannen på eit tap på like mange traktorar som John Deere, nemleg 130. Det betyr også tap av marknadsandelar på 1,1 prosentpoeng. Med det kan MF utropast til årets nest største tapar, berre slått av New Holland.Samstundes må det nemnast at Massey Ferguson no er stabil på andreplassen, med god margin. Faktisk er det ikkje mykje som manglar på at MF er større enn New Holland og Case IH til saman.

Valtra vinn I tal traktorar står Valtra med fem færre registrerte no enn ved førre årsskifte. Det betyr at finnen har klart å stå imot den generelle nedgangen, noko som igjen betyr ein auke i marknadsandelen på 1,7 prosentpoeng, frå 13,8 til 15,5. Valtra går dermed forbi New Holland, og sikrar tredjeplassen. Også her snakkar vi om ein solid margin, med 82 traktorar i forsprang på den blå rivalen.

CNH att og framDet har vore ein trend lenge, og enno har det ikkje stoppa heilt opp: New Holland går nedover. I tal traktorar er tapet 131, altså så godt som identisk med John Deere og Massey Fergusons tilbakegang. I marknadsandel er det litt verre, fordi utgangspunktet er svakare. For heile 2008 har den blå 13,3 prosent av marknaden, mot 14,8 eit år tidlegare.Når det er sagt, broren CaseIH er tilbake på femteplassen som merket nærast hadde hevd på i LMB-tida. Eitt prosentpoeng betre marknadsandel enn i 2007, og 186 nyregistrerte traktorar (+19) er oppmuntrande lesing for den som likar denne utgåva best.I sum har CNH, og dermed også A-K, 18,3 prosent marknadsandel. Hugsar vi nokre år tilbake, var det omlag der i området vi kunne finne New Holland åleine.

Claas strevar Oppturen til Claas som nytt merke på den norske marknaden stogga brått. Den lysegrøne traktoren har fjerde største tilbakegangen i tal traktorar med minus 69, og går frå beskjedne 5,8 til 4,8 prosent marknadsandel. I høve til utgangspunktet er Claas sin tilbakegang langt meir dramatisk enn reduksjonen dei tre store har opplevd.

Fendt møter finanskrisa Det er fleire månader sidan Fendt tok til å merke nedturen i anleggsbransjen. For første gong etter at Eik overtok import og sal, går merket tilbake. Mykje av forklaringa er nok færre kundar utanfor landbruket.

Deutz-Fahr i medvind Ting kan tyde på at HCPs offensive satsing gjennom året tar til å betale seg. Deutz-Fahr har auka marknadsandelen frå 2,3 til 3,9, og har årets største vekst i tal nyregistrerte traktorar, opp 45 frå 2007. Den bortsett frå fargen identiske broren Lamborghini går derimot 13 traktorar tilbake. Same er i praksis borte med ein reduksjon frå totalt 12 i 2007 til fire i 2008, og Hürlimann står med null. Summerer vi desse fire med lakkfarge som einaste skilnad, er dei i sum fram 22 traktorar til 184. Dermed er SDF-gruppa større enn Claas på traktor i Noreg.

Zetor på retur I HCPs totale marknadsandel må vi også rekne med Zetor, og då ser vi at selskapet har litt å jobbe med for å klare den uttalte doblinga av marknadsandelen. Zetor er nemleg tilbake 34 traktorar og 0,4 prosentpoeng. Dette kan snu i året som kjem, for når folk held ekstra godt på pengane sine, kan tsjekkaren kome med prisargumenta sine.

McCormick i pluss2007 vart eit svakt år for McCormick, grunna store leveringsvanskar i kjølvatnet av produksjonsflyttinga frå England til Italia. Dette hang med inn i starten av 2008. Trass nedgang i totalmarknaden endar McCormick omlag på same tal traktorar i 2008 som i 2007. Heilt greitt, ut frå føresetnadane, og dette gir tiandeplass i Noreg.Landini, som blir distribuert på ein ganske annleis måte, går tilbake frå 35 til 22. Med det har vi gjort unna alle dei ordinære landbrukstraktorane.

Alle dei spesielle Holder, ein spesialtraktor for park- og kommunalbruk, har gjort eit byks opp til 19 registrerte maskiner. Holder er dermed største merke på spesialtraktorar, om vi ser på registreringstala.

Jinma er største kinesar. Tala i statistikken vi presenterer her, viser einast at Jinma har levert 13 registreringspliktige traktorar. Salet av Jinma, og andre kina-merke, er mykje større, fordi storparten av traktorane her går som uregistrerte. Ein annan kinesar i statistikken vår er Foton, også kjent under ymse andre namn.Kviterussaren på lista er stadig med, men det går gradvis nedover. 11-11-9 er tala for dei tre siste åra.

JCB har også i år streva med at styresmaktene ikkje forstår sitt eige regelverk for typegodkjenning og registrering av raske traktorar. 13 traktorar har fått skilt, og det er godt under både normalnivået og forventningane til den raske engelskmannen.

Eit anna merke som har slite med å få gjennom registreringspapira, er bratt-bakke-traktoren Caron. No ser dette ut til å ordne seg. Også Aebi er inne med to maskiner. Ferrari og Antonio Carraro har litt fleire, men også her kan det vere snakk om ymse uregistert.

Iseki og Kubota er stadig med, primært med traktorar til hage og park. Her konkurrerer dei mot John Deere, som fram til no har hatt ein svært sterk posisjon på denne marknaden.

TotalmarknadenDesember vart ein svak månad. 87 traktorar dårlegare enn 2007, og dermed den månaden i 2008 med størst tilbakegang. Totalmarknaden stoppa på 3704, etter kva våre mellombelse tal viser. Det er ein tilbakegang på 11,5 prosent frå 2007, men vi ser ingen grunn til å klage enno. Faktisk er det berre fem år etter 1990 som er betre: 1996, og 2004 til 2007.Vi har tidlegare spådd at pila vil peike nedover også i 2009. Ingen vanskeleg spådom i våre dagar med finanskrise og ugrei Eurokurs, men faktisk er registeringsstatistikken nesten som statistikken over lemenår: Ting går i syklus, og det er ikkje støtt like logiske forklaringar på kvifor det blir slik. Men no er vi i alle fall inne i ein periode som skal bli roleg om vi skal halde oss til våre statistikk-analyser.

Korreksjonar Om du meiner å sjå at tala i BG-statistikken er noko annleis enn andre tal, er det heilt rett. Sluttsummen på den uredigerte statistikken er 3708 for 2008, og 4187 for 2007. Desse tala inneheld køyrety som ikkje er nye traktorar, som er fjerna frå Bedre Gardsdrifts statistikk.

Les meir! I Bedre Gardsdrift nr 1 2009 kjem ein enda meir komplett traktorstatistikk, og vi kan love fleire overraskingar der som du neppe finn nokon annan plass. Bladet er i postkassen i slutten av januar.

Relaterte artikler

    Powered by Labrador CMS