reg-ill09
reg-ill09

John Deere vender tilbake

Greie tal i februar sikrar John Deere førsteplassen att, mens New Holland held stand på andreplass. MF har stabile tal, mens Valtra går tilbake. A-K er største importør.

Publisert

John Deere er enno ikkje der dei var på same tid i fjor. Minus 64 traktorar gir ein marknadsandel på 23,2 prosent, som er 7,4 prosentpoeng svakare enn situasjonen i februar 2008. Ser vi 12 heile månader tilbake, ligg John Deere på 866 nyregistrerte, mot 930 i heile 2008 og 1060 i 2007. Dette er ein betydeleg reduksjon i volumet, og samstundes eit fall i marknadsandel som viser at John Deere er meir tilbake enn totalmarknaden.

New Holland har snudd pilaNew Holland held fram offensivt, sjølv om merket berre er fjerde størst når vi ser på siste februar åleine. I sum er stadig New Holland nummer to så langt i år, Siste 12 månader er ikkje situasjonen like lys: Der er både Valtra og Massey Ferguson framom, og særleg den raude har god margin.

MF lar seg ikkje rokke Så er da også Massey Ferguson temmeleg stabil. Endringa frå dei to første månadane i fjor til ditto i år er totalt fire traktorar. Til skilnad er New Holland fram 12, mens John Deere og Valtra er tilbake høvesvis 64 og 22 traktorar.

A-K med stigande turtal Femteplassen går til CaseIH, som understrekar at A-K har montert ny turbo i organisasjonen sin. Marknadsandelen til Case IH siste 12 månader er sterkt stigande, frå 5,0 til 5,9, og ingen andre merke kan notere seg i nærleiken av pluss 29 traktorar frå januar og februar 2008 til same tidsrom i år.

A-K maskiner kan notere seg sin andre månad på rad som største importør, med 27,3 prosent. Felleskjøpa er i sum nummer to, men vi har ikkje splitta det talet mellom dei regionale felleskjøpa. Eikmaskiner nummer tre, kring 20 prosent, mens Lantmännen Maskin er ein stubb bak der att.

Her går det tungt Claas er derimot enno ikkje ute av motbakken sin. Det same gjeld Fendt. Begge er tilbake i tal traktorar, men held trass alt marknadsandelen sin ganske bra. Zetor er stødig, mens McCormick ser ut til å ha tryna i skibakken. Då februar var omme i fjor, var saldo på registreringskontoen 33 traktorar. No er talet 13. Siste 12 månader er McCormick nummer 10. Den plassen er ikkje trua nedafrå, for neste på lista er Lamborghini, veldig langt bak.

Deutz-Fahr ikkje bra, men heller ikkje dårleg HCPs flaggskip, Deutz-Fahr, er heller ikkje i storslag for tida. Her snakkar vi om 13 traktorar i minus frå same tid i fjor. Situasjonen siste 12 månader er samstundes vesentleg betre enn året 2007, både i marknadsandel og tal traktorar.

Totalt: Lite dramatikk Totalmarknaden er ned med 52 traktorar for februar, og minus 78 for året så langt. Det er ein tilbakegang på 12,6 prosent.

Ut over dette er det ikkje den store dramatikken å spore så langt.