kuhn slåmaskin brei merking b.jpg

Fri avstand, strid om følgebil

Femkilometersregelen er død, og det blir inga avstandsgrense. Men utstyret må merkast skikkeleg, og arbeidsgruppa er usamd om det skal vere krav til følgebil og 30 km/h som maks-fart.

Publisert

Vi kan vente oss eit greiare og ryddigare regelverk for slik køyring i framtida.

Forslaga om nye retningslinjer for køyring med landbruksutstyr med breidder mellom 2,55 og 3,50 meter er lagt på bordet i dag. Dette er eit viktig signal om framtidige rammevilkår for landbruket, både om vi ser på praktiske og økonomiske verknader.

Innstillinga frå arbeidsgruppa er delt. Norges Bondelag og Traktor- og Landbruksmaskinimportørenes forening (TLIF) på eine sida, og Norges Lastebileierforbund, Vegdirektoratet, Maskinentreprenørenes forening, Norges Automobilforbund, Politiet, Samferdsledepartementet og Arbeidstilsynet på den andre sida. Landbruksdepartementet støttar delvis landbruksorganisasjonane.

Fleire rundar før avgjerd

Arbeidsgruppa er nedsett av samferdsleminister Liv Signe Navarsete, etter innspel frå landbruket.

Rapporten frå arbeidsgruppa er ei tilråding, som no skal ut på høyring før politisk behandling. Det vil altså ta enno litt tid før noko nytt regelverk er på plass. Meir om denne prosessen etter kvart.

Omfattande arbeid Gruppa har arbeidd grundig heilt sidan i den vart oppretta i vår. Bondelaget og TLIF har gjort ein solid innsats, og dei to organisasjonane har stått samla gjennom heile prosessen. Trass i at innstillinga på visse område er delt, er gruppa samd om nokre av hovudlinjene. Difor kan du alt no ta til å bu deg, og kanskje også gle deg, over nokre av framlegga.

Tilrår å ta tak i fleire andre emneRepresentantane frå landbruket har tatt med seg lista som lesarane av Bedre Gardsdrift kjenner og har bidratt til, med ei oppramsing av andre emne som også har behov for ein gjennomgang. Også enkelte andre i gruppa har kome med innspel, og det er god grunn til å tru at desse emna blir tatt tak i. Håpet er at arbeidsgruppa som no er nedsett får halde fram arbeidet sitt med nye og viktige emne, noko samferdsleminister Liv Signe Navarsete lova Bedre Gardsdrift tidlegare i år.

Heile rapporten

Den komplette rapporten blir lagt ut på denne sida.

"

Relaterte artikler

    Powered by Labrador CMS