forbudsskilt 306.3

Forbode for traktor?

Striden kring skiltet "Forbod mot traktor" held fram. På Voss fekk Nils Mossefinn 4200 kroner i bot for å ha køyrd på slik veg, men bota vart ettergitt av ein politijurist.

Publisert

Forbudt for ???

Bakgrunnen for striden er at skilt 306.3 har følgjande forklaring: Forbudt for traktor og for motorredskap konstruert for fart mindre enn 40 kilometer i timen.

Spørsmålet som melder seg etter denne vesle setninga, er om forbodet gjeld traktor uansett, eller om forbodet gjeld traktor konstruert for fart mindre enn 40 kilometer i timen.

Språkprofessor tolkar jus filologiskI februar 2008 omtaler Bedre Gardsdrift språkprofessor Gunnstein Akselberg ved Universitetet i Bergen si tolking. Han meiner at teksten til skiltet betyr at forbodet gjeld all køyring med traktor. Med andre ord kan du på ein slik veg ikkje køyre JCB Fastrac i 65 kilometer i timen, men du kan køyre sjølvgåande eksaktsnittar konstruert for 40 km/h, fordi den er definert som motorreiskap.

" Politijurist i tvilMen siste ord er ikkje sagt. Nils Mossefinn godtok ikkje det forenkla førelegget på kr 4200 han fekk for å køyre på riksvegen skilta med 306.3, mellom Bulken og Voss. Dermed gjekk saka vidare til ein politijurist. Han meinte at saka måtte leggjast bort etter bevisets stilling.

- Det er ikkje for å vere vanskeleg eg køyrer på E16 med traktor. Dei smale bygdevegane vi elles måtte køyrd på er trafikkert av sykkelturistar, så då vel eg heller hovudvegen, seier Mossefinn til Bergensavisen. - Det at politijuristen la bort saka meiner eg beviser at eg kan ferdast lovleg på vegen, trass skiltet, meiner bonden frå Voss.

Powered by Labrador CMS