McCormick xtx fart

Føraropplæring neste

No er tida inne for å gå laus på føraropplæringa for traktor, og med det også finne ei løysing for førarretten til 50 km/h-traktorane. Med Sp i Samferdsledepartementet kan arbeidet gå vidare utan stans. 

Publisert

Kven kan køyre denne, og kva bør vedkomande kunne?

Bedre Gardsdrift vore ein pådrivar for å få ei endring på trafikkreglane for traktor, den seinare tida i nært og godt samarbeid med TLIF og Norges Bondelag. Dette fordi trafikkreglane i mange tilfelle avgjer kva jord du kan drive og korleis du kan drive den, altså rett og slett styrer kva utvikling vi får i landbruket.

No er arbeidet godt i gang. Den viktigaste enkeltregelen, om køyring med breitt landbruksutstyr, tar til å nærme seg ei god og endeleg løysing.

Mange problemstillingar

Neste steg er å ta for seg føraropplæringa. Her er det mykje å ta tak i:

- Førarrett for 50 km/h-traktorane

- Kvaliteten på læremateriellet

- Opplæringa av køyreskulelærarane

- Kunnskap om traktorens rolle i trafikken for andre førarkortklassar

- Haldningsskapande og opplysande arbeid retta både mot dei som kan køyre traktor i dag, og mot medtrafikkantane

- Rett til å køyre traktor og landbruksmaskiner for innleigd arbeidskraft, både norsk og utanlandsk

Tryggare og meir teneleg

Bedre Gardsdrifts standpunkt er at dette er det viktigaste enkelttiltaket for å redusere ulukkesrisikoen og betre samhandlinga i trafikken mellom landbruksmaskiner og andre trafikkantar. Det er også avgjerande fordi det i dag ikkje er samsvar mellom maskinene vi har tilgang til, og opplæringa som blir gitt.

Politikarane vi kjenner jobbar vidare

Under valkampen fortalde Sp-leiar og Samferdsleminister Liv Signe Navarsete til Bedre Gardsdrift at ho ynskjer at partiet held fram i Samferdsledepartementet etter valet. No er dei raud-grøne sikra fire nye år, og dermed ligg alt til rette for at Navarsetes ynskje blir oppfylt. Kven som skal fylle posten ville ho derimot ikkje seie noko om, men det er liten tvil om at ho sjølv gjerne kan tenkje seg å halde fram arbeidet. – Vi har mange prosjekt på gang som vi berre så vidt har starta på, seier ho til BG.

Når vi nemner opp stikkord kring føraropplæringa på traktor, svarer ho at dette tydeleg er ting som må gripast tak i.

Med valresultatet friskt i minne er det grunn til å tru at dette arbeidet kan kome i gang rimeleg snart.

Powered by Labrador CMS