tvillinghjul
tvillinghjul

Er tvillinghjul lov?

Kan vi bruke tvillinghjul? Det er det store spørsmålet etter presiseringa av kor langt du kan køyre med brei landbruksreiskap.

Publisert Sist oppdatert

Opninga for å køyre med breiare reiskap lengre enn fem kilometer har fått underlege følgjer for tvillinghjula.

Vegdirektoratet har sendt ut brev med si tolking av reglane, etter den midlertidige avgjerda av at "Kortere avstand" er 34 kilometer.

I brevet blir det oppsummert at 34-kilometersgrensa for brei transport gjeld alle bønder i samdrift, bønder med leigejord, bønder med anna jord langt unna knytt til bruket, eller landbruksentreprenørar av alle slag.

- Køyr med vettDet blir peika på at ein føresetnad er at føraren har naudsynt kunnskap om reglane for den aktuelle vegen, og at vedkomande fyller alderskrav og eventuelle førarkortkrav. Vidare peikar direktoratet på at føraren særleg må passe på at § 3 i vegtrafikklova blir følgd. Den paragrafen, også kalla Trafikkens grunnregel, lyder slik:

Enhver skal ferdes hensynsfullt og være aktpågivende og varsom så det ikke oppstår fare eller voldes skade og slik at annen trafikk ikke blir unødig hindret eller forstyrret. Vegfarende skal også vise hensyn mot dem som bor eller oppholder seg ved vegen.

Tvilling - lovleg eller ulovleg?

Er traktoren breiare enn 2,55 med tvilling, har du eit problem om Vegdirektoratets nye tolking blir praktisert.

Vegdirektoratet fastslår at dispensasjonsordninga for breidder mellom 2,55 og 3,5 meter gjeld ved bruk av breie landbruksmaskiner, eller breitt påmontert utstyr til traktoren. Traktoren blir definert til å vere noko for seg sjølv, og Vegdirektoratet skriv følgjande: Når det gjelder selve traktoren, kan den ikke være bredere enn 2,55 m, hjulene medregnet.

Bedre Gardsdrift: Tvilling er lov!Dette klarer ikkje Bedre Gardsdrift å forstå annleis enn at sjølve traktoren maksimalt kan vere 2,55 meter, men at du kan montere på utstyr som gjer den breiare. I og med at tvillinghjul er demonterbart utstyr, og etter vårt syn må kunne reknast som ein reiskap som gjer ein agronomisk jobb, står det etter vår meining klart og greitt i brevet frå Vegdirektoratet at tvillinghjul som gjer traktoren breiare er lov.

Vegvesenet har sagt ja før Vegvesenet har tidlegare slått fast at tvillinghjul er OK, i eit brev Bedre Gardsdrift har kjennskap til. Der står følgjande tekst:NB! Traktor vurderes som en landbruksmaskin. Traktor med tvillinghjul går således inn under hva som tillates etter § 5-4 nr2 d og § 5-6 nr4 c. Med andre ord: For få år sidan sa Vegvesenet i klartekst at traktor lovleg kan køyre med tvillinghjul med breidder inntil 3,5 meter (§5-4 nr.2 d) eller 4,1 meter (§ 5-6 nr. 4 c).

Vegdirektoratet: NEI!! For å vere sikre, ringjer vi saksbehandlaren i Vegdirektoratet, for å få stadfesta at vi forstår teksten rett. Resultatet er overraskande og oppsiktsvekkjande: Traktor med tvillinghjul breiare enn 2,55 meter er ikkje lov, fastslår Vegdirektoratets saksbehandlar.- På kva bakgrunn, spør Bedre Gardsdrift. - Dette er signal frå departementet, frå alle vi har hatt kontakt med der. Dei seier at traktoren ikkje kan vere breiare enn 2,55 meter, meiner mannen i direktoratet, som også er blitt fortalt at det skal vere ganske så enkelt og greitt å kople av og på tvillinghjul ute på åkeren. - Så kan du jo ta av tvillinghjula når du skal inn på vegen, foreslår han, og kan ikkje heilt sjå at dette skal vere noko stort problem.

Departementet: Hm...Bedre Gardsdrift ringjer ei av statsråd Navarsetes statssekretærar. Ho kan ikkje svare umiddelbart, men lovar å sjå på saka, og ber om å få ein epost med gjennomgang av problemstillinga. Der står saka no.

Dokumenterer behovet for gjennomgang av regelverketEi praktisering som den Vegdirektoratet no brått legg opp til kan vi ikkje leve med, og den vil bety ein dramatisk endring av dagens praksis. Bedre Gardsdrift er forundra over at ei presisering av den såkalla femkilometersregelen brått skal føre til at tvillinghjul blir forbode om breidda er over 2,55. Vegdirektoratets nye tolking stadfestar behovet for ein stor gjennomgang av alt regelverk knytt til traktor, slik vi har fått lovnad frå samferdsleministeren om.

"