reg-ill09

Eit lite lyspunkt

Tre kvartal er unnagjort. Vi ligg an til det brattaste fallet sidan 1992, og traktormarknaden ser ut til å bli den dårlegaste på 15 år. Men september har positive trekk.

Publisert

Alt er ikkje heilsvart. I september har vi for første gong i år ein oppgang to månader på rad. Rett nok heilt marginal, men retninga på pila er verken nedover eller vassrett. Dessutan, når vi les statistikken bakover, skal vi hugse på ein viktig ting: Verdien av kvar enkelt traktor er vesentleg høgare no enn for 15 år sidan. Botnåret 1991, det mørkaste året gjennom alle tider på norsk registreringsstatistikk, kom etter seks samanhengande år med nedtur frå 8547 til 2238 nyregistrerte traktorar pr. år. No er maskinbransjen vesentleg betre rusta til å tole svake år, og det er stort sett bra også for deg som kunde.

Vondt å vere hjort

For andre månad på rad er John Deere det fjerde mest populære traktormerket. Marknadsandelen er stadig fallande. Held utviklinga frå siste kvartal fram i tre-fire månader til, er John Deere under 20 prosent. Det vil vere oppsiktsvekkjande, og sannsynlegheita er ikkje den største.

Like fullt: John Deere strevar. I tal traktorar og i marknadsandel i minus er det ingen som kan konkurrere. I prosentvis nedgang er det berre Valtra som heng med på nedturen, av dei store.

MF mot New Holland

Tvikampen mellom dei to på andre- og tredjeplass held fram. I september har Massey Ferguson og New Holland akkurat like mange registrerte, og så langt i år er det ti traktorar i skilnad mellom dei to. Begge aukar marknadsandelen og knip inn avstanden til førsteplassen.

Valtras svake år

I Lantmännen Maskin har Valtrafolket byrja å sjå fram mot neste år. Resultatet frå 2009 vil i alle høve ikkje vere noko å skryte av. Nest verste tap i tal traktorar og i marknadsandel er ikkje pent. Trøysta for Valtra er ein opptur i september.

CaseIH held koken

CaseIH ligg berre to traktorar bak fjoråret, og er einaste av dei store som er så godt som uendra slik sett. I marknadsandel er framgangen god, takka vere totalmarknadens fall. Saman med stabile tal for New Holland, er dermed A-K maskiner Norges største traktorimportør så langt i 2009. Eikmaskin er nummer to.

Av dei minste merka må vi nemne Belarus. Tre traktorar så langt i år er særs lite, og berre ein tredel av dei tre første kvartala i fjor. Belarus er i praksis ikkje lenger nokon aktør på marknaden for nye landbrukstraktorar her i landet.

Kva blir resultatet?

Mange vil gjerne vite kva sluttsum vi får når året er omme. Blir det 2800, kan vi håpe på 3000, eller kjem vi heilt ned i 2500?

Vi er ikkje i stand til å gi noko heilt klart svar på det, og mange faktorar spelar inn. Valresultatet vil nok bidra til å dempe nedturen, men neppe gi store utslag for dei siste månadane i år. Stadig låg rente tel også positivt. Derimot bidrar månader med regn dei fleste plassar i landet til at haustspurten renn bort. Dårlege avlingar er sikraste måten å bremse traktorsalet på, og i år gjeld dette dei aller fleste driftsformer. Dette kjem oppå den allereie negative trenden i traktormarknaden. Bakgrunnen for den er, som vi har skrive tidlegare, både grunna i ein naturleg syklus med opptur og nedtur i traktormarknaden, og ei forsterking frå finanskrisa.

Ca 2600?

Normalt aukar registreringstala temmeleg bratt frå september til desember, slik at julemånaden ligg 100 til 200 over september-registreringane, med ei jamn oppkøyring heile siste kvartal. Det er god grunn til å lure på kor bratt auke vi får i år. Om desember tilsvarer september pluss 100, vert årsresultatet kring 2650.

Ser vi på siste 12 månader, har vi ein sum på 2866 traktorar. Desse tala inneheld eit brukbart sistekvartal i fjor. Legg vi oss 30 prosent under oktober, november og desember for i fjor, endar vi på 2577 i år.

Powered by Labrador CMS