Traktor i trafikk

Dette skriv andre

Vi har pløyd gjennom internettjungelen etter artiklar om traktor og landbruk. Og vi fann saker om forbud mot traktor i 17. mai-tog, redningsaksjon av blaut traktor til sjøs og mykje meir.

Publisert

Burde hatt periskop?Vegvesenet vart ikkje særleg imponerte av traktorføraren som stakk hovudet opp gjennom takluka for å sjå, der han køyrde med ein to meter høg stabel med jordbærkassar framme på traktoren. Trass i at føraren ikkje skjønte eit kvekk av kva vegvesenets mann sa, forsto han såpass at han parkerte pallane han hadde framme. Skrekk-bilete av manglande sikt her.

" Traktoren druknaDei hadde frakta traktoren og hengaren med lekter hundrevis av gonger. Men så gikk det gale. Traktor og hengar sank tjue meter til botnen. Da den nesten var redda på land, rauk den rett til sjøs igjen. Redningsbilar, redningsbåtar, gravemaskiner og dykkarar - sjå alle i aksjon i Fædrelandsvennen sin bildeserie

" Barn i hengarenLofot-tidende melder om ein mann som frakta barn i traktortilhengaren på Leknes. Traktor og tilhengar er populært blant barn. Men at barna blir frakta i tilhengaren var ikkje like populært hos politiet.

" Kjedekollisjon med traktorI Drammen mista ein traktorførar lappen etter kjedekollisjon, skriv Drammens Tidende. Den første bilen stoppa. Den andre bilen stoppa også. Det gjorde ikkje traktoren.

" Bil mot traktor i ØsterdalenPå Tolga køyrde ein bil inn i ein traktor som kom ut i vegen. Det vart store materielle skader, og bilføraren klaga over vondt i beina.

" Skit, stein og gravemaskin i vegenEin traktor i Rogaland fikk sleng på gjødselvogna og velta med 15 kubikk møkk. Brannvesenet spylte vegen rein, skriv Sandnesposten

Litt lenger sør-aust etterlet ein traktor som tydelegvis var feillasta både grus og stein i vegen, melder Agderposten. Mest truleg kan føraren vente seg ei rekning på oppryddingsarbeidet.

I Tromsø mista ein traktorførar først gravemaskina, og deretter lappen, etter ei ukurrant passering av ei rundkøyring. Gravemaskina ramla av, og Politiet mistenkjer at lasta var for dårleg sikra.

" Overkøyrd av eigen traktorEin 16-åring på Voss som reparerte den gamle Forden sin, vart overkøyrd av bakhjulet då han prøvde å starte traktoren. Han sto nemleg på bakken rett framom bakhjulet, og traktoren sto i gir. Bergens Tidende melder at hendinga ikkje var så dramatisk som det først høyrdest ut til, mens Bergensavisen har bilete av traktoren.

" Hoppa av i fart, vart overkøyrdEin 17-åring var passasjer i ein traktor. Då han hoppa av i fart, snubla han, og vart overkøyrd. Med skader i bein og buk vart han sendt til Stavanger universitetssjukehus med luftambulanse.

" Av vegen med firhjuling, måtte amputere beinetEin 16-åring køyrde av vegen i Bjerkreim i Rogaland. Han vart alvorleg skadd, og måtte amputere beinet, melder Dalane Tidende.

" Stolne traktorarI Krødsherad er ein raud Valtra 6800 med registreringsnummer JZ 2537 stolen. Politiet er interessert i tips. Telefon 02800. Les meir

Nær Eidsberg vart to traktorar stolne natt til Kristi Himmelfart. Begge vart funne att, og det ser ut som om ein eller annan har tatt dei for å tullekøyre, melder Smaalene.no.

" Traktoren trilla og skadde bygningar, bil og førarDå gravemaskina skulle opp på traktorhengaren, tok traktoren til å trille. Føraren prøde å kome seg inn i traktoren, men klarte det ikkje og vart skadd. På si vidare ferd skadde traktoren ymse carportar og ein bil, melder Stavanger Aftenblad.

" Far og dotter skadde av traktorI Buskerud vart ei fem år gammal jente skadd då ho kom i klem under skuffa på ein traktor. Også faren vart skadd av same traktor, ved at foten vart overkøyrd, melder Laagendalsposten.

" Niåringen køyrde, faren mista lappenI Troms kjørte niåring med firhjuling på fylkesvegen. Denne firhjulingen kunne oppnå fart på 40-50 kilometer. Faren blei fråteken førarkortet. Les kvifor i Aftenposten.

" Spesialisert køyreskule for traktorI Sandnessjøen får du no tilbod om kjøreskule for traktor, skriv Helgelands Blad. Dette er den einaste traktorskulen mellom Bodø og Trondheim. - De lærer å se alvoret i det de holder på med, for ofte er de nye traktorene både store og tunge, selv om de er lett å manøvrere, seier trafikklærer Peder Krakeli. - Det er ikke alltid lett, men de unge er både lærevillige og dyktige. Det det skorter på er ofte teorien, men også der viser de yngste at også fag kommer etter hvert. Les meir

" Nei til traktor i togetI Bryne er politiet lei av alle traktorane i 17. mai-toget. Lensmannen hadde møte med 17. mai-komiteen på førehand der han gav beskjed om at han ikkje ville ha traktorar i toget. Likevel kom ei lang rekke med store kjøretøy trillande. No blir det slutt på traktor i toget, seier lensmannen til Jærbladet. Det mest underhaldande er likevel den omfattande debatten som følgjer artikkelen. Les meir

"
Powered by Labrador CMS