brann-brannmenn colourbox

Dette skriv andre

Når vanlege media omtaler traktor, er det særleg to ting det går i: Ulukker og brann. I sommar har det vore mest brann. Lyspunktet er ei sak om at traktorbøker er populære.

Publisert

Nettavisene kan melde om ei lang rekkje brannar i traktorar dei siste månadane. Stort sett er dette i form av korte notisar utan nemneverdig innhald, basert på lokale politiloggar. Difor er her i dei fleste tilfelle ikkje linka vidare til andre sider, rett og slett fordi dei ikkje har meir å melde om saka.

Stavanger Aftenblad har eit sørgeleg bilete av ein Valtra X som tok fyr under køyring.

I Rakkestad rykka brannvesenet ut til brann i ein traktor 26. august.

Midt i august vart ein traktor totalskadd i ein garasjebrann i Åmot i Hedmark.

På Ytterøy i Trøndelag er det meldt om ein traktorbrann der ei rundballepresse vart utbrent.

På Eide i Romsdal berga tratkoren, då rundballepressa tok til å brenne. Bonden fekk kopla frå pressa før elden spreidde seg framover. På Gjemnes i same område var det brann i ein trakotor, men folk på stadne klarte å sløkke før brannvesenet kom.

Sist i juli byrja ein traktor å brenne fordi ein straumledning fall ned på traktoren, på Elvenes i Vesterålen, melder bladet Vesterålen.

Nær Farsund tok ikkje traktoren fyr, men ein krattbrann starta etter at ein traktor køyrde inn i ein stolpe så ein straumførande ledning fall på bakken.

I Lenvik kommune starta ein traktor å brenne, så spreidde brannen seg til bustadhuset traktoren stod ved. Det var ingen personar i huset. Dette melder Folkebladet.

I Jostedalen kom det to brannmeldingar på same traktor same dagen. Først litt over klokka åtte om kvelden, og ein halvtime seinare var brannen meldt sløkt. Så klokka litt over ti om kvelden blussa brannen oppatt, så brannvernet måtte ut på ny.

Og til sist kan det nemnast at ein eldre MF parkert i låvedøra på Nordfjordeid tok til å brenne, men eigaren oppdaga flammane før elden rakk å få skikkeleg tak, så brannen vart fort sløkt.

Traktor påkjørt av bil

En mann ble brakt til sykehus etter å ha kjørt inn i en traktor i meget høy hastighet.

Traktorføreren forteller til Helgeland Arbeiderblad at bilen kom imot i stor fart, og braste rett inn i skuffa på frontlasteren, og videre inn i det ene framhjulet. Traktorføreren fikk tilkalt hjelp, og sørget egenhendig for å løfte den bevisstløse bilføreren ut av bilvraket i påvente av ambulanse. Etter at mannen kom til bevissthet, skal han ha klaget over smerter i brystet, forteller traktorføreren.

Helgelands Blad har fra sikkert hold fått informasjoner om at bilføreren var beruset og at han ikke har førerkort.

Traktorbøker mest populære

Barnehagen på Lesjaskog har fått eige bibliotek. Dei likaste bøkene er Mamma Mø-serien, og bøker om traktorar og maskiner, fortel styrar Torunn Stenrud Nilsen til Gudbrandsdølen Dagningen.

Kolliderte med traktor

Føreren av en personbil ble lettere skadd da bilen kolliderte med en traktor, langs E6 i Målselv. Ulykka skjedde i forbindelse med en forbikjøring, melder NRK Troms og Finnmark.

Nær spidda av pallegaffel

Det gikk mye bedre enn fryktet, da et ektepar på motorsykkel kolliderte med pallegaflene på en traktor nær Oppdal. Politiet melder at traktorføreren ikke så motorsykkelen da han svingte ut på forkjørsvegen. Det var motorsykkelføreren sjøl som meldte fra om ulykka, og ekteparet ble fraktet i drosje til røntgen, melder Adressa.no.

Motorhavari i tunnel

Då motorblokka på traktoren gikk ad undas, ble Langnestunnelen i Tromsø stengt, og bergingsbil måtte til for å få det uheldige kjøretøyet ut i friluft. Havariet førte med seg store mengder røyk, men viftene i tunnelen blåste røyken fort og greit ut, forteller iTromsø.

"
Powered by Labrador CMS