Jaget vilt brei traktor på veg

Breidde-rapport kjem i august

Rapporten som skal gi tips om kva styresmaktene skal gjere med regelverket for køyring med breie landbruksmaskiner er forsinka. Den vil først vere ferdig midt i august.

Publisert

Ei gruppe utnemnt av Samferdsledepartementet, samansett av folk frå Samferdsle- og Landbruksdepartementa, Norges Bondelag, Traktor- og landbruksmaskinimportørenes forening, Politiet, Arbeidstilsynet, Norges Lastebileier-forbund, NAF, Maskinentreprenørenes forbund og Vegdirektoratet har arbeidd intenst første halvår med saka.

Målet er å finne tenelege og trygge løysingar for køyring med breitt landbruksutstyr, etter alt oppstyret kring den såkalla femkilometersregelen.

Forsinka

Målet var å ha klar ein rapport før sommaren. Det viser seg at arbeidet krev meir tid. Mellom anna er det behov for eit møte meir enn først planlagt. Difor er det venta at rapporten er klar omlag midt i august.

Deretter blir den sendt på høyring, der kven som helst kan kome med innspel. Så er det opp til det politiske systemet i Samferdsledepartementet å handtere saka vidare. Departementet kan til dømes velje å følgje tilrådingane som dei står, følgje tilrådingane frå eit mindretal, eller finne på noko anna.

Vil ha avgjerd før valet

Sagt på ein enkel måte er nemleg jobben til gruppa å finne fram fakta og bakgrunnsinformasjon, analysere konsekvensar og gi råd. Å bestemme ting er det dei folkevalde organa som må gjere.

Difor er det rimeleg å tru at det ikkje blir gjort gjeldande noko nytt når det gjeld køyring med breitt utstyr før onnene utover hausten, men Bedre Gardsdrift er kjent med at politisk leiing i Samferdsledepartementet har eit ynskje om å kome til ei avgjerd i denne saka før Stortingsvalet til hausten.

Relaterte artikler

    Powered by Labrador CMS