bondeinventar.jpg

Bondeliv er in

Vil du vere skikkeleg hipp, må du liksom sjå ut som ein bonde. Gå gjerne på byen i høge gummistøvlar og ei grov heimestrikka lue, og sofaen skal helst sjå ut som ein furuplank. 

Publisert

Bonderomantikk er heilt in (produsentfoto)

Trendar er som vi alle veit noko vi må leve etter heile tida. Det er jo heilt avgjerande. No har vi ei lita utfordring. Ikkje noko med at vi er bønder, vi må sjå ut deretter også, og heimen må vere innreidd på skikkeleg bonde-vis, skal vi vere på toppen av moteriktig-skalaen. Adressa.no melder klart og tydeleg frå om korleis vi skal gjere det:

Det er trendy å se ut som en relaxed farmer; på bytur med gummistøvler, store cardigans og kashmirskjerf; rett fra fasanjakt-look, seier ei moteekspert-dame til avisa.

Traktorspor over stovegolvet

"

Klar for ein tur på by'n. I den nye urbantrendy bondemoten. Knæsj!

- Det tradisjonelle norske bondeinteriøret, som har vært forbeholdt hytteinnredning, er nå på vei ut og frem; forenklet, redesignet og tilført humor. Det kan virke som om vi ikke absolutt må se til Frankrike, England eller USA for å innrede i en landlig stil, men i stedet gå til vår egen kulturarv og hente inspirasjon, og se at det ikke trenger å bli hytte selv om det har en tydelig norsk profil. Dette er både er gøy – og koselig, seier ho vidare, og framhevar at til dømes eit teppe med traktorspor midt på stovegolvet er aldeles midt i blinken.

Godt å vite.

Powered by Labrador CMS